Velkomen til førjulskos på Kystmuseet!
No som desember nærmar seg, inviterer vi til ein varm og kreativ sundag fylt med julestemning for både små og store.
Vi finn fram alt du treng for å lage personleg julepynt og kort – her kan du bruke fantasien og skape noko heilt eige. I smia blir det nisseverkstad, der små nissar kan få utfolde seg og lage fine presangar og pynt.
I kinosalen viser vi heile 3 filmar i løpet av dagen så det skulle vere noko for ein kvar smak.
Kaféen held sjølvsagt ope, med noko godt i koppen og på fatet – perfekt for ein pust i bakken mellom aktivitetane.
I museumsbutikken kan du gjere unna julegåvehandelen i ro og mak. Her finn du eit utval av gåver og varer du ikkje finn andre stader – lokale produkt, handverk og små skattar som passar perfekt under treet. Havstrilen 2025 vil vere på plass, den perfekte julegåva til den historieinteresserte.
Ta med familie og vener og bli med på ein førjulssundag fylt med skaparglede, tradisjon og god stemning. Vi gler oss til å sjå deg!
Billett koster 50 kr per person, born u/3 år kjem inn gratis. Alle aktivitetar og kino er inkludert i billetten.
Kinoprogram:
kl 12.00: Jul i Mummidalen
Filmen er tillatt for alle, og dei snakkar norsk
kl 13.30: Gubben og katten - Tidenes gladeste jul
Filmen er tillatt for alle, og dei snakkar norsk
Kl 15.00: Familien Jul og nissehotellet
Filmen er anbefalt frå 9 år. Dansk tale og norsk tekst.