Foredrag om kvinneting med tysk-franske Annabelle Hirsch
Holemåleri, eit metallkorsett, ein glassdildo, ein Singer symaskin, Greta Garbos kulepenn, bikinien, støvsugeran, tupperware, p-pilla og mobiltelefonen: Kva har desse tinga til felles? Dei fortel alle om kvinners historie.
Den tysk-franske kulturjournalisten, forfattaren og omsetjaren Annabelle Hirsch (f. 1986) har hatt stor suksess med boka Kvinneting. Historien i 100 gjenstander. No er boka ute på norsk, oversatt av Eivind Lilleskjæret. Ved å portrettere objekt frå kvardagsliv, mote, medisin og kunst, fortel forfattaren om kvinners liv, fridomskamp og kreativitet gjennom tidene.
Somme gjenstandar vitnar om nyting og opprør, andre om undertrykking og samfunnets normer. Med varme, nyfikne og et skarpt blikk utfordrar Hirsch det vi trur vi veit om patriarkatet og kvinners historie. Alt avheng av kva kunnskap vi har, kva spørsmål vi stiller og korleis vi vel å sjå verden – og tinga.
Det blir boksal og signering etter arrangementet.
Foredraget er på engelsk
130/60,– (stud./honnør).
Bilde: Tanja Kernweiss og Camillo Innocento via Wikimedia Commons
You may also like the following events from Litteraturhuset i Bergen:
- This Friday, 19th September, 06:00 pm, TangoFest 25 – Carlos Gardel in Bergen
- This Saturday, 20th September, 05:00 pm, TangoFest: Paris, Années Folles in Bergen
- This Sunday, 21st September, 03:00 pm, TangoFest: Migrasjonsminne in Bergen
Also check out other
Music events in Bergen,
Arts events in Bergen.