Det nermar seg høstsanking i Lurekalven, og me håpar som allti at spreke sankarar har lyst til å delta i sauehøgtida 😊
Lørdag 5 oktober skal me sanke årets fårikål & pinnekjøtt i Lurekalven.
Oppmøte på snuplassen ovanfor Lyngheisenteret kl 9.00.
I fjor høst reduserte me antall søyer, og sat nytt fokus på brenning av gamal lyng.
Heia Johan!
Lyngheisenteret bidrar med slått av einstape, noko me allerede ser er positivt for gjenvekst av gras på seinsommeren. So håpar me på sikt at oppgraderte beiter vil gje bedre sauevelferd og saftig villsaukjøt frå lyngheiane.
Amy organiserer veiing av påsett og vaksne sauer, og dokumenterer slakteresultata.
Me håpar å lesa positive tal med tida 👍
Det vert servert varm mat & drikke ved sankebingen etter at sauer & folk er i mål.
Sankinga kan fort ta 3-4 timar eller meir. Ta med deg ekstra drikke & energi i lommer eller liten sekk.
Gode/vanntette sko & kle er smart 👍 Gjerne og ein ekstra ullgenser&hue til etter maten, når kroppen treng varme.
Dei som ønskjer d vert frakta tilbake til Lygra etter sankinga, men me håpar du & fleire vil vera med på avlsarbeidet i sankebingen 😊 Og sist, men ikkje minst, frakting av slaktedyr frå sankebingen via båt & hengar & fram til flor’n på bruk nr 5.
Her trengs d sterke armar & stødige bein.
Både erfarne & ferske sankarar er velkommen!
Høstsanking i Lurekalven passar for vaksne & yngre som er vandt til å ferdast i ulendt terreng over lengre tid.
Det kan òg bli eindel venting.
Og spenning..
Klarar me å få inn alle sauer & lam denne gongen ?
Ps. Søndag vert d sanking av sauer & lam på Tangane for heile familien.
I år juksar me litt, so sjølve sankinga vert litt kortare enn vanleg. Dette fordi vesle Sverre skal døypast same dag 🥰
Eget arrangement kjem snart.
You may also like the following events from Lygra Villsaulag: