Sparebanken Norge inviterar til gratis familiekino!
Grevlingene er ein rampete eventyrkomedie for heile familien – om vennskap, store draumar og jakta på å finne sin plass – i speidaren og i verda.
Foreldrelause Bernt drøymer om å bli speidar, og øyner eit håp når han greier å bløffe seg inn i den lokale speidartroppen Grevlingane. På klubbhuset kompliserer ting seg på rekordtid når den nye fostermora hans, Gerd, tvingar seg inn som medleiar i speidarpatrulja. Gerd er enormt sjefete og ekstremt oppteken av kva som er lov å seie, og ho vil setje i gang ein speidar-revolusjon som absolutt ingen har bestilt. Korleis skal Bernt redde Grevlingene frå Gerd, og seg sjølv frå å bli avslørt?
Grevlingene er ein hjartevarm og actionfylt komedie om å finne seg sjølv, når verda prøver å forandre deg. Filmen fekk eit gedigent kvalitetsstempel då den vart invitert til familiefilm-programmet hos sjølvaste Locarno, ein av verdas eldste og mest prestisjetunge filmfestivalar.
Filmdetaljar:
Distributør: Norsk
Filmdistribusjon
Produksjonsår: 2025
Skodespelarar: Kristoffer Joner, Nils Elias Lea Olsen, Caroline Johansen,
Øystein Martinsen, Justine Osafo, Kristoffer Lycke Abrahamsen, Isak O’ Brien og
Jakob Mydland
Regissør: Paul M. Lundø
Produsent: David L. Leader
Manusforfattar: Paul M. Lundø
—
Passar for barn frå 6 år.
Framsyningslengde: 104 minutt (ingen pause).
Kinoen er heilt gratis. Det er begrensa plassar, så vi anbefalar at du reserverer billettar før du kjem. Det er satt ei avgrensing på maks fem billettar per person.
Kinobilletten inkluderar ein popcornmeny (brus + popcorn).
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan reserverast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon 917 50 231 eller e-post
cmVzZXBzam9uIHwgb3NlYW5hICEgbm8=
Denne filmvisinga er finansiert av Sparebanken Norge, og blir levert i samarbeid med Oseana kunst- og kulturhus og Bygdekinoen.
You may also like the following events from Oseana kunst- og kultursenter:
Also check out other
Arts events in Bergen.