Fullteikna • Skogsprinsessa, 4 October | Event in Bergen | AllEvents

Fullteikna • Skogsprinsessa

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Highlights

Sat, 04 Oct, 2025 at 12:00 pm

Stranda skule

Advertisement

Date & Location

Sat, 04 Oct, 2025 at 12:00 pm (CEST)

Stranda skule

Tveitane 5, 5379 Steinsland, Norge, Bergen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Fullteikna • Skogsprinsessa
Skogen treng hjelp, er du den rette?

Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning.
Men alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen... Rykter og vonde tankar spreier seg i skogen, og plutseleg er det vanskeleg å vite kven som snakkar sant i den store skogen, kor kjem desse mørke tankane ifrå? Skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!

Passar frå 4-8 år

Varigheit ca. 1 time og 15 min.
Gratisbillettar finn du her: https://folkeakademietvest.ticketco.events/no/nb/e/skogsprinsessa_ved_stranda_skule

Praktisk informasjon:
Kle dykk etter vèret: Alt foregår utandørs så kle deg for ver og vind. Det kan vere lurt å ha med litt å drikke og noko å ete på undervegs, om det vert behov for litt påfyll for dei minste. Vi kan kome til å bevege oss i noko ulendt terreng- ein må difor vere stødig til fots. For dei minste kan bæremeis være fint å sitte i. Vi kan også anbefale å ta med sitteunderlag.
Hundar må vera heime denne dagen.

Medverkande:
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Svellingen, Thomas B. Brandt
Skodespelarar: Thomas B. Brandt, Kristine Alida Netteland, Amalie Jensen Tolo, Stine Svellingen.
Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymesyer: Julie Jensen
Regikonsulent: Jan Neal Holden


Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterer no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte. Meir info: eventyriparken.no

Utvikling av produksjonen er støtta av:
Kulturdirektoratet, Eidfjord kommune, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, A/S Bergens teater og det dramatiske selskab, Sparebanken Vest.




You may also like the following events from Øygarden innbyggartorg og bibliotek:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Fullteikna • Skogsprinsessa can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Stranda skule, Tveitane 5, 5379 Steinsland, Norge, Bergen, Norway
Reserve your spot

Host Details

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Fullteikna • Skogsprinsessa, 4 October | Event in Bergen | AllEvents
Fullteikna • Skogsprinsessa
Sat, 04 Oct, 2025 at 12:00 pm