Daniela Reyes er tilbake med ny musikk, så ærleg og underfundig at det er nær umogleg å ikkje stoppa opp og lytte. Med kun eitt album gitt ut, er ho allereie hylla som ein av våre beste, unge tekstforfattarar. Det ho leverer på sitt nye album "La meg bli ditt gjemmested", viser ein artist som framleis er i rasande utvikling.
Daniela Reyes, kan – sin unge alder til tross – sjåast på som ein føregangsfigur for denne nye generasjonen visesongarar. I 2021 slapp ho gjennombruddssingelen "Usikker musiker", etterfulgt av debutalbumet "Engangsdager". Her fekk ho skryt frå ei einstemmig musikkpresse, som kåra henne til årets beste debutant. Albumet vart også premiert med ein drøss av gode meldingar, og ho vann Spellemannprisen i kategorien Årets tekstforfattar.
Blant anna skreiv musikkjournalist Audun Vinger desse orda etter ein konsert:
«...noen få ganger opplever man en artist som får tid og rom til å opphøre. Daniela Reyes er en artist med slike låter, og en temmelig overrumplende, innover-dirrende aura».
26. september kjem hennar nye album, og i haust drar ho på turné!
Nye songar. Nytt format.
Nært, rått og vakkert.
Ein musikalsk gøymestad du ikkje vil ut av.
Konserten finn stad i flotte omgivnader i Grieg Kunstsamling. Gå ikkje glipp av ei unik oppleving der du får nyte vakker musikk omgitt av fjordutsikt og flotte kunstverk!
VARIGHEIT: 60-90 minutt.
RULLESTOLPLASS OG LEDSAGARBILLETT: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post:
cmVzZXBzam9uIHwgb3NlYW5hICEgbm8=
You may also like the following events from Oseana kunst- og kultursenter:
- This Friday, 5th September, 07:00 pm, Hva nå, mitt elskede Amerika? – Foredrag med Thomas Seltzer in Bergen
- Next Friday, 12th September, 07:30 pm, En god time med Eirik del Barco in Bergen
- Next Saturday, 13th September, 03:00 pm, Den lille store reisen | Oseana in Bergen
Also check out other
Arts events in Bergen,
Concerts in Bergen,
Music events in Bergen.