🎄 BYGDAS JULEBORD – FREDAG 5. DESEMBER 🎄
På Fjorden Kafé
✨ Med live musikk av Rune Nilsen! ✨
No byr det virkelig på stemning i bygda! Vi har allereie fleire påmeldte og mange som har meldt interesse for å booke plass – og no nærmar det seg tidspunktet der vi må lande talet for mat og musikk.
For at vi skal kunne gjennomføre dette julebordet slik vi planlegg (og sleppe å gå i minus), treng vi nokre fleire påmeldingar dei neste dagane.
💛 Om du vurderer å kome – meld deg på no!
✨ Dette får du denne kvelden:
• Tradisjonell julemiddag – pinnekjøtt og svineribbe (499,- per pers)
• Rune Nilsen som spelar opp til dans frå kl. 22–02
• Hyggeleg bygdestemning, jul i lufta og god mat
• Dørene opnar kl. 19
• Inngang til dans kun kr 250,- for dei som kjem etter middagen
Dette blir ei kjekk og sosial førjulskveld for både små og store bedrifter, vennegjenger eller par som vil ut og feire litt – og vi håpar verkeleg å fylle opp salen og lage ein skikkeleg fest!
👉 Førstemann til mølla – send oss ei melding for påmelding!
Vi set umåteleg stor pris på alle som støttar opp om lokale arrangement. Utan dykk hadde slike kveldar ikkje vore mogleg. ❤️
Og dersom du vil hjelpe oss litt ekstra, blir vi svært glade om du likar og deler innlegget – det betyr mykje for oss i ei lita bygd 🙏✨
Velkommen til oss på Fjorden Kafé! 🎄✨
Also check out other Festivals in Bergen.