BrassWind er ein årleg musikkfestival der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler med messing-, treblås– og slagverksbesetning. Under festivalen møtest profesjonelle musikarar, dirigentar, komponistar, og nyskapande korps- og amatørmusikarar under same tak.
Under Barnas BrassWind får også barn og unge i dei lokale skulekorpsa moglegheita til å skape ny musikk. Som resten av BrassWind for elles, skal publikum utsetjast for «annerleis» konsertar der programmeringa byr på opplevingar ein ikkje får til vanleg.
Program:
Fredag 26. september
Kl. 19:30
Mean Steel
Laurdag 27. september
Kl. 12:30
Bente Illevold & Rollin' Phones saxofonkvintett
Kl. 14:00
Mesingkvintetten Bris
Kl. 16:00
Oslo Messingkvintett
Kl. 18:00
Strusshamn Musikkforening
Kl. 20:00
Manger Musikklag & Sanskriti Shrestha
Sundag 28. september
Kl. 13:00
"Messing" med Oslo Messingkvintett og Mats Gukild
Kl. 14:30
"Skogslangen og jakten på lyden" med Li og Flaktveit skolekorps, og Åsane Janitsjar
Kl. 17:00
"Maestro" med Eikanger-Bjørsvik Musikklag
Vil du vite meir om festivalen? Sjekk ut desse linkane:
https://www.brasswind.no/no