🌿Den komande Biosfæredagen med arrangementet «Meining, Mat og Mot: Matsikkerheit og levande bygder» vil finne stad i Nordhordlandshallen i Knarvik onsdag 17. september kl. 16:30 – 21:30. Her samlar vi eldsjeler, fagfolk, politikarar og kulturkrefter for å rette søkelyset på korleis vi kan trygge matforsyninga i Noreg – med særleg fokus på potensialet i våre eigne lokalsamfunn i Nordhordland. Dette vert ein heilaften – med fageleg innputt frå gode føredragshaldarar, samt lokale kulturinnslag og god mat. Bli med på stormøtet!
🌿MENING, MAT OG MOT er ei folkerørsle som løftar betydningen av matsikkerheit, beredskap, forbrukarmakt og levende lokalsamfunn!
🌿UNESCO har utnemnd Nordhordland til eit biosfæreområde, som betyr at vi er eit av omlag 750 "læringsområde for berekraftig utvikling" i verda. Viktige stikkord i UNESCO sitt biosfæreprogram er kunnskap og dialog. I Nordhordland legg vi til rette for ei brei, berekraftig samfunnsutvikling med samarbeid på tvers som verktøy. Biosfæredagen er ein viktig samarbeidsarena i arbeidet vårt!
Bli med på stormøtet MENING, MAT OG MOT Knarvik og kjenn på felles engasjement og handlekraft!
🌿Dato: Onsdag 17.09.2025
🌿Stad: Nordhordlandshallen, Knarvik
🌿Tid: kl.16:30-21.30
🌿Det blir servert suppe frå klokka16.00 fram til programmet startar kl. 17.30.
🌿Arrangementet er GRATIS å delta på. Velkommen til ein innhaldsrik kveld via til vår felles framtid!
Program:
16:30, SUPPE OG MINGLING
17:30, START ØKT 1, Underhaldningsinnslag
🌿Velkommen! Edel Urstad, initiativtakar for folkebevegelsen Mening, Mat og Mot og Kari Evensen Natland, koordinator for Nordhordland UNESCO biosfæreområde.
🌿«Matsikkerheit og levande bygder»
Kari Evensen Natland, koordinator Nordhordland UNESCO Biosfæreområde.
🌿«Det er maten VÅR for pokker!»
Anders Nordstad, kjent som myteknusar, økonom, bloggar, forfattar med dags aktuell bok og «vaktbikkje» for landbruket.
🌿«Kva skal vi ete i morgon?»
Inger E. Måren, UNESCO-Chair og professor ved Universitetet i Bergen, om globale trendar og lokale utfordringar.
🌿«Mat og vatn er pri nr.1!»
Edel Urstad, initiativtakar for folkebevegelsen Mening, Mat og Mot.
🌿Filmpremiere, Landbruket i Nordhordland
🌿«Me er bønder. Bønder frå Nordhordland»
Siv-Marit Rødland og Maya Greve, bønder i Nordhordland.
🌿19:25,PAUSE OG MINGLING
🌿19:55 START ØKT 2, underhaldningsinnslag
🌿«Sjølvberging i eigen hage»
Dennis Asbjørnsen, influensar, hagedyrkar frå Spiselig Hage, forfattar med dagsaktuell ny bok.
🌿«Kvifor treng bønder naboar?»
Laila Bjørge, bonde og landbrukssjef i Alver, Austrheim og Modalen.
🌿«God beredskap startar i åkeren»
Robert Mood. Tidlegare generalløytnant og leiar i Røde Kors.
🌿Oppsummering av kvelden og takk til!
Edel Urstad og Nina Bognøy, ordførar i Alver kommune.
🌿21:30 SLUTT
Hjarteleg velkomne!
Våre medarrangørar er:
• Osterøyhjelpen
• Vardegard
• Alver SV
• Vestland Bondelag
• Alversund mållag
• Eksingedalen oppveksttun
• Smak av Nordhordland
• Senioruniversitetet i Nordhordland
• Hauge grendaråd
• Bygdelaget 5915
• Matarena AS
• Radøy bondelag
• Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
• Gulen og Masfjorden Bondelag
• Lindås bygdelag
• Lynghaugen bigard
• Radøy Sau og Geit
• Universitetet i Bergen
• Vest Villsaulag
• Lyngheisenteret - Museumssenteret i Hordaland
• Village Green
• Flocean AS
• Norsk Landbruksrådgiving
• Stiftinga Gulen Fiskarbondemuseum
• Eknes-Media
• Osterøy bondelaget
• Osterøy Utvikling AS
• Vaksdal Hagelag
• Nordhordland Turlag
• Naturvernforbundet Nordhordland
• Naturvernforbundet hordaland
• Stene Matglede AS
• Nordhordland Forsvarsforeining
• Alversund og Seim bondelag
• Lindås sogelag
• Austrheim og Lindås bondelag
• Alver hagelag
• Bondens Marked Bergen
• Fonnes bygdelag
• Økologisk Vestland
• Osterøy Hagelag
• Hella Sopperi
• Nordhordland Næringslag
• Klar Bedrift AS
• Alver kommune
• Austrheim kommune
• Fedje kommune
• Gulen kommune
• Masfjorden kommune
• Modalen kommune
• Osterøy kommune
• Vaksdal kommune
• Region Nordhordland
Sett av datoen allereie no!