Gode sponsorar Sparebanken Møre og Olympic Subsea
Hei alle fotballvener!🤩
Kun ein månad til romjulas høgdepunkt sparkast i gong. Jula nærmar seg med stormskritt, og for alle oss som er glade i innefotball så er dette einstydande med at det går mot vår kjære romjulscup i det som no er REM Arena Fosnavåg❗️
Bergsøy IL – Fotball har saman med vår hovudsponsor Sparebanken Møre, og Olympic Subsea gleda av å invitere til den tradisjonsrike Romjulscupen✨
Dato for turneringa er som alltid 26. desember. Kampoppsett og lengde på turneringa vil verte offentleggjort etter trekninga av gruppene 20.desember😎
Påmelding her:
https://mylivescore.no/admin/team/join?id=3789
- Påmeldingsfrist 20.desember
- Påmeldingsavgift kr 1 000,- pr lag
Ved spørsmål angåande påmelding kan du ta kontakt på mail:
Ymlscm9tanVsc2N1cCB8IGhvdG1haWwgISBjb20= eller ta kontakt på 941 20 505
Vi gjentek suksessen frå dei tidlegare åra, ved at dei ulike bygdene i Herøy, Sande og omegn stiller med lag😋
Målet er at flest mogleg av dei lokale bygdene vert representerte, så her gjeld det å skrape saman det som er av fotballspelarar: alt i frå unge lovande, til gamle falmande stjerner. Og dei i bygda som av ulike grunnar ikkje maktar å sparke ein filtball, er sjølvsagt velkomne på tribuna for å heie fram sitt lokale lag🤩
Stokset & Bakkane gjentok suksessen fra 2023 og vann også cupen i 2024. Der dei i ei spennande finale slo Runde. Ellers stilte desse bygdene lag; Fosnavåg, Flåvær, Hjelmeseth, Nærøya, Larsnes, Dalane/Toftestøda, Bendalen, Gursken, Kvalsvik, Frøystad, Sandsøy/Voksa, Stokksund, Moltu og Bø & Sande. Vi håper at desse kan mobilisere lag også i år. Det blir satt ei grense på 16 påmeldte lag, så her gjeld det å vere tidleg ute. Dersom det fyllar seg opp vil vi sjå på moglegheitene vi har for fleire lag😁
Retningslinjer:
- Det er eit krav at alle lag som deltek skal vere «bygdelag», innanfor sitt naturlige geografiske område i Herøy, Sande og omegn.
- Det er ikkje lov å danne kreative bygdekonstellasjoner, eller store geografiske «områdelag» som stjeler spelarar frå potensielle bygdelag innanfor det samme geografiske området.
- Om bygda di ikkje kan stille lag, så er det den nermaste nabobygda med bil, du skal spørje først.
- Det blir praktisert følgande regler på at ein spelar høyrer heime på rett bygdelag:
1. Bur der fast
2. Budd der samanhengande i minst 5 år.
3. Sterk tilknytning til bygda (allmenn oppfatning), utan at dette går på bekostning av regel 1 og 2.
▪ Regel 1 og 2 er hovudreglane, og er sidestilt (ein kan velge bygd).
- Det betyr at om ein spelar har eit bygdelag å spele for, etter regel 1 og 2, ikkje kan velge regel 3. Regel 3 er meint for tilreisande med sterk familiær tilknytning til ei bygd, men som ikkje bur i kommunane Herøy, Sande og omegn
- Ved tvil/spesielle tilfeller, ta kontakt med arrangør for avklaring.
Vi ynskjer å ha både dame- og herreklasse, men tek forbehold om nok påmeldte lag i kvar klasse. For å delta må spelarar vere min. 15 år (fødd 2010, her blir det ikkje gjort unntak). Kampane vil bli spelt med innefotball (filtball) og 7ar mål etter NFF sitt reglement for innefotball.
Det vil bli kiosksal under heile turneringa. Premiar frå cupsponsor Sparebanken Møre.
Sjåast i Herøyhallen 2. juledag!💫
Also check out other Workshops in Aalesund.