Earlybird-billettar ut mai!
Kvar går du når festen er over? Henrik Ibsen sin klassikar er historia om å miste seg sjølv og leite etter det ein har forlete. Fanga mellom einsemd og eit evig jag etter å høyre til, diktar Peer seg ei verkelegheit der han sjølv står i sentrum.
Etter festen. Før erkjenninga. Peer vaknar aleine i mørkret – iført ein utsliten smoking, med ein plastpose fylt av øl, omgitt av kaos og minner frå ei natt han knapt hugsar. Han kjenner ikkje lenger igjen verkelegheita – eller seg sjølv. Men når han må ta ansvar, glepp alt. Kva er sant og løgn når du skal oppsummere dine val?
Denne versjonen av Peer Gynt er ei ekspresjonistisk, klaustrofobisk og sår tolking av Ibsen sin klassikar – inspirert av skrekkfilmen Nosferatu og nattklubb-pulserande uteliv. Eit mørkt univers befolka av troll, freistingar og tapte muligheiter. Peer tvingast til å sjå seg sjølv i augene i etterdønningane av vala han har teke. Vi møter ein sår Peer som er driven av sitt utanforskap i ei verd som ikkje lenger heng saman.
Peer er både løgnar, diktar og manipulator, men også eit menneske i desperat lengt etter tilhøyrlse og kjærleik. Gjennom eit splitta forhold til familien, søkjer Peer stadig etter noko anna, men finn seg sjølv meir og meir framandgjort. Peer bevegar seg utanfor felleskapet med spel og leik og håpar han kan skjule det vonde han ber på i møte med andre. Han flyktar og brenn seg opp i begge endar med løgn og fantasi, før verkelegheita bankar på døra. Kanskje elskar vi Peer nettopp på grunn av feila hans – fordi han speglar vår eiga evne til å gjere feil?
Vi er stolte over å ha regissør Victoria Meirik tilbake. Ho har tidlegare hatt regi på dei kritikarroste framsyningane Gift og Villanden ved Teatret Vårt. Denne gongen jobbar ho saman med Agnethe Tellefsen på scenografi og lysdesign og Ingvild Langgård, som har komponert ny musikk til framsyninga. Musikken ber både fortid og notid i seg – vuggesang og dødssang, klubbrytmer og folketonar som glir over i kvarandre. Solveigs sang og Dovregubbens hall gjenskapast i eit nytt lydlandskap som slukast av romet – og av Peer sjølv.
Velkomen til ei rå, visuell og ærleg framsyning om lengsel, utanforskap og dei historiene vi fortel oss sjølve for å få livet til å henge saman.
Premiere 29. august 2025
Varigheit ca. 3 timar (inkl. pause)
Av
Henrik Ibsen
Bearbeida av
Michael Thalmeier og Maja Zade
Omsett av
Kristofer Grønskag
Regi
Victoria Meirik
Scenografi og lysdesignar
Agnethe Tellefsen
Komponist
Ingvild Langgård
Kostymeidé
Synne Reichelt Føreland
Kostymedesignar
Even Børsum
Med
Bjørnar Lisether Teigen, Anne Wiig, Anette Sissener Amundsen, Conrad James McLean, Lars Melsæter Rydjord, Manish Sharma
You may also like the following events from Fosnavåg konserthus: