🎄 Bli med på Gründergløgg 4. desember!
Vi inviterer til Gründergløgg – ein sosial og inspirerande ettermiddag for deg som er gründer, sjølvstendig næringsdrivande, eller berre nysgjerrig på gründerlivet.
Møt andre skaparglade folk, få påfyll av inspirasjon og kos deg med gløgg (med og utan futt i), julekaker og gode samtalar på Skaparhuset.
⏰ 4. desember kl. 16.30–18.30
📍 Skaparhuset, Ulsteinvik
💰 Gratis – inkludert gløgg og kaker
🎁 Del av Julstein adventskalender
PROGRAM:
16:30 Velkomst og gløgg i koppen
16:45 Sharing is caring - gründerar fortel
17:30 Snøggprat - vi blir kjent på fem minutt
18:00 Felles refleksjon/workshop
18:30 Avslutning og meir gløgg i koppen for dei som vil fortsette kvelden
Og så har vi sjølvsagt med oss eminente Robert Voldnes i hoppid/ÅKP, som er Ulstein sin inngangsport til gründermoglegheitene i regionen. Han kombinerer realisme og entusiasme – med ærlege, nyttige tilbakemeldingar som gir ein tidleg realitetssjekk og sparar deg for snublesteinane seinare.
👉 Her er det berre å meld seg på, for dette blir kjekt:
https://forms.office.com/e/kQczGPph4V
You may also like the following events from Ulstein Næringsforum:
Also check out other
Workshops in Aalesund.