Blues & Blessing – en kveld for "rhytm and soul".
Velkommen til ei heilt spesiell musikalsk gudsteneste i Ellingsøy kyrkje søndag 11. januar kl. 18:00 - 19.00. Denne kvelden møtest trua og tonane – ei varm og nær stund der musikkens ærlighet får rom side om side med nåde, håp og fellesskap.
På scena står Brother in Arms, Geir Harald Eikrem og Tom Giske, som saman skaper eit musikalsk landskap fylt av varme, nerve og ekte formidling.
Prest Annstein Lothe, Bandet og kapellmester Eikrem er klar for å gi publikum ei fantastisk oppleving.
Tom Giskes tolking av Foy Vance' "Guiding light" er ei oppleving i seg sjølv.
Gjennom songar og musikalske tolkningar får vi møte stemmene og uttrykka til mellom andre Eric Clapton, Eva Cassidy, Foy Vance, Reiersrud & Kleive og Mark Knopfler. Musikken vil spegle både lengsel, lys, kamp og kvile – alt det livet rommar.
Etter gudstenesta held vi fram med både konsert og god mat i kirkekjellaren – ei fin moglegheit til å dele kvelden vidare i godt lag.
Blues & Blessing er ei stund for å lande, puste og reflektere over kvardagen.
Ta med deg ein ven, ein nabo – eller berre deg sjølv.
Gratis inngang
PS! Møt opp i god tid før. Kan fort bli fullt.
Also check out other Concerts in Aalesund.