Vil du ha meir kunnskap om vedlikehald og utvikling av gamle hus? Kom på seminar i Skånevik søndag 28. september!
Her får du informasjon om støtteordningar og gode råd om vedlikehald og utvikling av gamle hus. Det blir også besøk til verneverdige hus i Skånevik sentrum.
Program:
"Kva kan Sunnhordland museum hjelpa deg med?". Om søking av midlar og råd til bevaring
- Kathrine Norum, bygningsvernkonsulent ved Sunnhordland museum
"Det er von for alle"
- Åsmund Kalstveit, tradisjonshandtverkar som har lang erfaring med gamle og verneverdige bygg
"Prosjekt Hotellkrossen - bevaring, berekraft og bulyst". Om renovering av eldre tømmerhus med fokus på energieffektivitet og bevaring av historie og funksjonell bulyst.
- Inga Klokkerstuen Wangensteen, klimaoptimist
"Verdien av ein kulturmiljøplan for deg og kommunen". Og kva ordningar kan du søka på via oss?
- Mariann Sydnes, leiar, kulturavdelinga i Etne kommune
Etter lunsj og føredrag på Skånevik Fjordhotel blir det vitjing av nokre verneverdige hus i bygda. Velkomen!
Pris: 300,- inkludert lunsj, kaffi og vafler.
Påmelding: Vipps til medarrangør Mari Espeland på tlf.
92 04 77 10 innan mandag 22. september. Skriv namnet ditt i meldinga. Velkomen!
Seminaret er støtta av Kulturminnefondet.
Also check out other Workshops in Ølen.