"For ei bok! Den er som ein grøssar. I dag er psykiatrien i krise. Boka er verdfull fordi den minner oss om det mørkaste kapitlet i psykiatriens historie i Norge: lobotomeringane og alle dei maktovergrepa som kunne skje i fleire tiår på dei lukka institusjonane." Knut Olav Åmås
Torsdag 8. januar kjem Oddrun Midtbø til Sunde for å fortelja om boka "Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria". Valen sjukehus nytta denne behandlingsforma og er blant institusjonane som vert trekt fram i boka.
Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor held legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk livet sitt øydelagt etter inngrepet.
Under arbeidet med boka om Harastølen oppdaga Oddrun Midtbø ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante Juliane Marie, som var innlagt som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene? Kampen for innsyn i pasientjournalen hennar er den raude tråden i denne sterke forteljinga.
Midtbø tek vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter lobotomistane, og dei som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur.
I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.
Etter bokpresentasjonen blir det panelsamtale mellom forfattaren og nokre av dei lokale personane som på ulikt vis blir referert til i boka; forfattar og tidlegare psykiater Hans Sande, eldsjel og omvisar i Sjukehussamlinga på Valen Reidar Handeland, og Jorun Larsen, som forskar på bileta frå den norske psykiatrihistoria.
Det blir høve til å kjøpe boka under arrangementet. Enkel servering.
You may also like the following events from Sunde Kyst og Litteratursenter: