Stian møter zen i Valldal 6. september.
Ei reise i indre og ytre landskap til musikk frå aust.
Bli med på eit musikalsk og meditativ retreat med musikar Stian Omenås og yogalærer Merete Myklebust.
Dette blir ei helg utanom det vanlege. To valldalingar inviterer deg til ei helg med yin- yoga, zenwalk og avspenning saman med austen- inspirert musikk til. Stian er profesjonell jazzmusikar som gjennom åra har reist i austen og lete seg inspirere av musikk og kultur herifrå. Merete har praktisert og undervist i zen-walk og yoga, to forskjellege former for meditasjon som aukar bevisstheit på pust samt her og no.
Denne helga kan du velge mellom å vere med heile helga eller kun enkeltdagar. Laurdag blir det meditativt program, lunsj og grilling ute samt sauna for den som ønsker på kvelden. Søndagen blir det morgonyin, frukost, og til slutt konsert med Stian.
STIAN OMENÅS (45) – musikar og komponist
Stian vokste opp med frisk vestlandsluft, høge fjell og elvasus på Omenås i Valldal på 80- og tidlig 90-tallet. Dei siste 20 åra har Stian reist rundt i verda som musikar etter inspirasjon, og etterkvart funne mitt eige musikalske uttrykk.
Musikken, kulturen og klangane frå Austen har spesielt vore ein stor inspirasjon for Stian, og medverka til hans unike uttrykk. Moderne trompet-spel blandar seg med minimalisme og austleg fokus.
Slik sett er det som å kome heim for Stian no når han skal musisere på Meretes Garden med østen-inspirerte musikk. Den fine garden Stian no for første gong skal halde meditativ musikk og konsert, ligg fredeleg til mellom Valldalsfjella, og rett ved ei brusende elv. Skjebnen vil det vel slik, og det blir nydelig.
«Eg har fulgt med på Meretes Garden i fleire år no og latt meg begeistre av det Merete får til.
Tenk at vi har ein slik stad i vesle Valldal, der ein stopper opp – løfter blikket – ser innover – finn seg sjølv og andre i ein fokusert tilstedeværelse.»
Stian seier vidare; «Dette er på mange måtar også målet med musikken min, som eg håpar publikum også har fokus og nysgjerrigheit til å ta inn over seg. Lytte, sanse, føle. Ei tidlaus oppleving som sit seg i kroppen.»
Med lyrisk trompet, stemme, indisk handorgel, chimes, syngebollar, gong og div. perkusjon skal Stian fylle Garden med varm og spenande musikk og klangar – skreddersydd for dei aktivitetene Merete skal ta oss med på; som Zen-walk, Yoga, mm. Det blir også ein rein meditasjons-konsert på slutten av dagen/kvelden. Konsertlokala er drivhus, eit eldre med unik atomsfære nært knytt opp til ein japansk hage, og eit stort rommelig drivhus med god akustikk og god plass – eit rustikk og særleg konsertlokale.
Stian gler seg stort stort til dette, og håper mange vil vere med på den unike reisa i Valldal. La tankane og draumane våre gå innom Austen, før vi lander trygt igjen på Garden.
Meir om Stian her: www.stianomenaas.com
Musikalske smakebiter fra Stian´s musikk:
MERETES GARDEN bleI født ut Ifrå ein visjon om å skape ein stad der folk kan finne fred og vende tilbake til noko enklare og meir autentisk i livet. Ein stad midt i naturen – utan å måtte klare seg uten komfort.
Etter ei rekke år i Danmark, der Merete utdanna meg til psykoterapeut, vendte ho nasa heim til garden i Valldal. Merete tok ei utdanning til yogalærar og har helde retreat og undervist i yoga og mindfulness i mange år. Merete er tredje generasjon som driv garden – og med kjærleik til staden og naturen rundt, begynte ho å bygge retreatet. Alt er skapt med det formål å tilby eit bærekraftig alternativ innafor reise, helse og livsstil.
I dag står glampingtelta mellom fjella, omgitt av blomar, fuglar og frisk luft. Her er det stille og opne områder. Du kan starte dagen med yoga i det gamle drivhuset, ta ei pause i den japanske hagen eller nyte varmen i det vesle spahuset med finsk badstove.
Programmet:
LAURDAG
KL. 10.00 Vi ønsker vel møtt og introduserer utøvarar og programmet for dagen.
Kl. 10.30 – 12.30 Mediativ Zen walk, sitjande meditasjon og avspenning med levande musikk og song til.
Kl. 12.30 – 14.00 Enkelt måltid, kaffi/te pause.
Kl. 14.00 – 15.15 Yin yoga til intuitiv musiikk.
Kl. 15.15 Lita pause
Kl. 15.30 – 16.30 Liggjande klångbad. Her vil Stian spele klangar som ligg lenge som lydteppe. Gongar, syngeboller, indisk org, mm.
Kl. 17.00 Samling rundt bålet. Grilling.Ta med det du vil grille.
Kl. 19.00 Kveldssauna.
SØNDAG
KL. 09.00 – 10.15 Morgonyoga til intuitiv musikk.
Frukost
Kl. 13.00 – 14.00 Stian konsert. Det store drivhuset.
PRIS
Pris:
Heile helga, inkl. lunsj laurdag, kaffi/té kr. 1750,-
Kun laurdag, inkl. lunsj kr. 1150,-.
Morgonyin søndag kr. 290,-
Konsert m/Stian søndag kr. 300,-.
Overnatting i badehusrom eller galmpingtelt: Kr. 800,- pr person inkl. frukost.
Billett heile prgrammet og overnatting blir kr. 2550,-.
PÅMELDING: Fyll ut bestilling nede på sida her.Betaling = deltakarbillett, Vipps nr. #531222.
Hjarteleg velkomen til alle. Vi gler oss til å dele ei magisk helg saman med dykk.
Also check out other Health & Wellness events in Åndalsnes, Concerts in Åndalsnes.