Event

Microbandet Bingo // USF Verftet // 16. august

Advertisement

Microbandet Tilbake-På-Bingoskulebenken Spesial! USF 16. aug 2025

Som Alice Cooper song: School´s Out - hei, vent – det er jo skuleSTART! Ok, den songen kjem Microbandet i allefall ikkje til å covra. Derimot kjem dei tilbake til USF Sardinen og syng gamle songar om igjen! Yamaha-en til Døsso er med, kazooen til Brit er med, Ausekarane og Tracy Chapman er med – kva meir kan du be om rett etter ferien? Ørlitt bingo, seier du? Innvilga! Kom og kjenn den gode, gamle bingospenninga stiga saman med vener og kjente – ei spenning lite kan måla seg med. Microbandet stiller i altfor varme, glitrande jakker og med eit repertoar beståande av alt frå Britney Spears til Vassendgutane til David Bowie til George Jones til Ottawan til Hellbillies og kanskje litt til. Det blir dekka til med bord og pennar, alt du treng å gjera er å kjøpa deg billett. Lad opp til skulestart og jobbmas med eit par timar i sus og dus på bingobula USF Sardinen!

Dørar: 20:00
Showstart: 21:00
CC: 100,- (ein kjøpar bingobrett inne á 20,- pr stk)
ID: 18
Venue: Sardinen
Billettar slippes fredag 27. juni
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Bergen Events in Your Inbox