StepSisters & Jon Martin Skauge
Advertisement
StepSisters er ein vokaltrio med gnistrande sceneutstråling, lang fartstid og brei genremessig erfaring, og består av Anne Veddeng, Lisbeth Sandvik og Kristin Bergsvik.
Trioen TV-debuterte i Rune Larsen sitt "Evig Ung -When you are Old" på NRK og har seinare også vore med i «Nystemt i Nøsteboden» der dei for tida briljerer i beste sendetid på NRK.
I tillegg til soloprosjekt har dei samarbeidd med ei rekke kjente namn, som Sissel Kyrkjebø, Tor Endresen, Johnny Logan, SKRUK, Voci Nobili, Ronan Keating, Helge Nilsen, Percy Sledge, Voksne Herrers Orkester, Collegium Musicum, Bluesettes', De Musikalske Dvergene, GospelCompagniet & Rune Larsen...m fl
Trioen oppstod under innspeling av albumet til Larsen/Veddeng våren 2021 då dei tre songarane skulle legge bakgrunnskor på eit par av låtane,- verken meir eller mindre.
Dei hadde ikkje sunge saman tidlegare, men allereie frå første tone merka dei ein heilt spesiell musikalsk kjemi, og dei skjønte at dette var noko dei både burde og ville gjera noko med då trivselsfaktoren allereie var blitt skyhøg i gruppa:- StepSisters var eit faktum.
Enkelte hevdar at særpreget og kvaliteten i stemmene, genreforståelsen og den godesamklangen i kombinasjon med levande formidling & sceneutstråling, gjer StepSisters til ei heilt spesiell musikalsk oppleving!
På denne konserten har dei med seg artist og gitarvirtuos Jon Martin Skauge. Dei starta samarbeidet i samband med TV-suksessen «Nystemt i Nøsteboden» der Jon Martin er musikalsk ansvarleg.
Konserten markerer punktum for 25-årsfesten for tusenårsstaden i Masfjorden.
Denne konserten må du ikkje gå glipp av! Her er det berre å snu seg rundt og kjøpa billett!
Get Tickets