

# Event Details

- **Event Name**: Sundagstur: Vetanosi i Lærdal
- **Event Start and End Date**: Sun, 30 Aug, 2026 at 08:00 am – Sun, 30 Aug, 2026 at 06:00 pm
- **Event Description**: Fjellturen byr på eit spekatulært utsyn over Sognefjorden, Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lustrafjorden. Over fjell og hei. 

Kven skulle ha trudd når ein står i fergekø på Fodnes at rett rundt hjørnet så ligg startpunktet til ein topptur med slik fantastisk utsikt.   

Gradering / vanskelegheitsgrad:    
Krevjande (Rød): 1150 høgdemeter, 12,5 kilometer, 6.5 timar. 

Turomtale: 
Me skal gå den lange og bratte fjellryggen rett opp til Vetanosi (1134 moh.). 

Me køyrer til Lærdal og vidare til Fodnes fergekai, der me parkerar bilane. Frå kaia går me opp til den lille bebyggelsen på Fodnes, før me set kursen inn på ein tydeleg og god sti i flott furuskog. Stien startar forhaldsvis bratt, og på ca 700 moh. vert stien endå brattare. Me får glimt av fjordane gjennom den opne furuskogen, og etter kvart vil me sjå meir og meir av fjella rundt. 

På ca 850 moh. er me over tregrensa, og no vert stien etterkvart så bratt at me må bruke hendene. Heldigvis får me gode tak i lyng og tustar. Vel oppe på fjellryggen flatar terreget ut, og no får me verkeleg sjå den spektakulære utsikten som me berre har skimta delar av tidlegare på turen. Sjølve toppunktet ligg eit stykke inn på platået. Etter fotografering og mat set me kursen mot nordaust mot stølane på Fagerset. 

Me går vidare nedover slik at me kjem inn igjen på stien me gjekk opp, og me går tilbake til Fodnes og bilane.

Meir info og påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/sundagsturvetanosiilaerdal_06022026120856#/
- **Event URL**: https://allevents.in/voss/sundagstur-vetanosi-i-lærdal/200029698042047
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 53

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Voss
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Holdbergsplassen
- **lat**: 60.6284
- **long**: 6.41369
- **full address**: Holdbergsplassen, Voss, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Sundagstur: Vetanosi i Lærdal
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events2/banners/682a55f261d02958adf7a12b1d58b45b29e20d4a83436516d84aab9ad0b68d90-rimg-w1200-h900-dcc8d8f8-gmir?v=1787833533

## FAQs

- **Q**: When and where is Sundagstur: Vetanosi i Lærdal being held?
  - **A:** Sundagstur: Vetanosi i Lærdal takes place on Sun, 30 Aug, 2026 at 08:00 am to Sun, 30 Aug, 2026 at 06:00 pm at Holdbergsplassen, Voss, Norway.
- **Q**: Who is organizing Sundagstur: Vetanosi i Lærdal?
  - **A:** Sundagstur: Vetanosi i Lærdal is organized by Voss Utferdslag.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Sundagstur: Vetanosi i Lærdal",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events2/banners/682a55f261d02958adf7a12b1d58b45b29e20d4a83436516d84aab9ad0b68d90-rimg-w1200-h900-dcc8d8f8-gmir?v=1787833533",
        "startDate": "2026-08-30",
        "endDate": "2026-08-30",
        "url": "https://allevents.in/voss/sundagstur-vetanosi-i-lærdal/200029698042047",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Holdbergsplassen",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "name": "Holdbergsplassen, Voss, Norway",
                "addressLocality": "Voss",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.6284",
                "longitude": "6.41369"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Fjellturen byr på eit spekatulært utsyn over Sognefjorden, Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lustrafjorden. Over fjell og hei. \n\nKven skulle ha trudd når ein står i fergekø på Fodnes at rett rundt hjørnet så ligg startpunktet til ein topptur med slik fantastisk utsikt.   \n\nGradering / vanskelegheitsg",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Voss Utferdslag",
                "url": "https://allevents.in/org/voss-utferdslag/1557440",
                "description": "Voss Utferdslag er eit lokallag under Den Norske Turistforening (DNT) og dekkjer alle som har adresse innanfor det komande Voss herad. "
            }
        ]
    }
]
```