

# Event Details

- **Event Name**: Sundagstur: Grindsdalen til Hella
- **Event Start and End Date**: Sun, 02 Aug, 2026 at 07:00 am – Sun, 02 Aug, 2026 at 06:30 pm
- **Event Description**: Ein unik delvis umerka tur som byr på noko av det flottaste terrenget på Vestlandet. Dette er ein felles tur med Vik turlag.

Gradering / vanskelegheitsgrad:   
Krevjande (Rød): - Erfarne turgåerar, god utholdenhet, godt utstyrt. 1000 høgdemeter, 20-22 km, 8-10 timar (inkl. pausar)

Turomtale: 
Turen startar frå parkeringa i Grindsdalen, ca. 7 kilometer frå rv. 13 på 600 meter over havet. 

Fyrste to kilometer går på grusveg sperra med bom, fram til stølen Stavsete, 775 moh. Her opnar dalen seg opp med høge toppar på begge sider.

God sti nordover forbi Stavatjørni til punkt 1012. Ein svingar no vekk frå stien vestover mot ryggen til Husbyggjefjellet, og får etterkvart formidabel utsikt mot Fjærland og Jostedalsbreen. Her blir det pause.

Ryggen sørover mot Stav 1458 er lett å gå, og kanskje flottaste delen av turen. Like før Stav kjem ein til eit punkt som kan vera krevjande for enkelte. På det smalaste er ryggen 3 meter og stupbratt ned på begge sider (her er det mogleg å gå rundt). Likevel er her svært lett å gå. 

Nordtoppen til Stav er heilt flat. Lett vidare mot sørtoppen, også kalla Troeggi. Naturleg plass for matpause. Herifrå er det stort sett slak unnabakke ned til Hella. Fyrste delen på fast underlag/ sva, etterkvart sti. Det er ei kort kneik opp til siste toppunktet, Storholten/ Vassvarden 1024. Her er verkeleg storslagen utsikt mot Balestrand, fjord og fjell.  

Frå toppen er det merka sti heilt ned til Hella. Ein passerar to stølar undervegs før ein kjem ned til garden Rud. Rud er eigd av folk frå Voss. Kvar vår fraktar dei eit par lass med ungdyr over fjellet som beitar her. 

Meir info og påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/sundagsturgrindsdalentilhella_29012026014327#/
- **Event URL**: https://allevents.in/voss/sundagstur-grindsdalen-til-hella/200029747027719
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 109

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Voss
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Holdbergsplassen
- **lat**: 60.6284
- **long**: 6.41369
- **full address**: Holdbergsplassen, Voss, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Sundagstur: Grindsdalen til Hella
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events3/banners/9efe89e2fab3f6e8a4ef3b077a80b9ec80d5e3cb4822cf688281c41dcff92906-rimg-w1200-h900-dc777b75-gmir?v=1785064322

## FAQs

- **Q**: When and where is Sundagstur: Grindsdalen til Hella being held?
  - **A:** Sundagstur: Grindsdalen til Hella takes place on Sun, 02 Aug, 2026 at 07:00 am to Sun, 02 Aug, 2026 at 06:30 pm at Holdbergsplassen, Voss, Norway.
- **Q**: Who is organizing Sundagstur: Grindsdalen til Hella?
  - **A:** Sundagstur: Grindsdalen til Hella is organized by Voss Utferdslag.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Sundagstur: Grindsdalen til Hella",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events3/banners/9efe89e2fab3f6e8a4ef3b077a80b9ec80d5e3cb4822cf688281c41dcff92906-rimg-w1200-h900-dc777b75-gmir?v=1785064322",
        "startDate": "2026-08-02",
        "endDate": "2026-08-02",
        "url": "https://allevents.in/voss/sundagstur-grindsdalen-til-hella/200029747027719",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Holdbergsplassen",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "name": "Holdbergsplassen, Voss, Norway",
                "addressLocality": "Voss",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.6284",
                "longitude": "6.41369"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Ein unik delvis umerka tur som byr på noko av det flottaste terrenget på Vestlandet. Dette er ein felles tur med Vik turlag.\n\nGradering / vanskelegheitsgrad:   \nKrevjande (Rød): - Erfarne turgåerar, god utholdenhet, godt utstyrt. 1000 høgdemeter, 20-22 km, 8-10 timar (inkl. pausar)\n\nTuromtale: \nTure",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Voss Utferdslag",
                "url": "https://allevents.in/org/voss-utferdslag/1557440",
                "description": "Voss Utferdslag er eit lokallag under Den Norske Turistforening (DNT) og dekkjer alle som har adresse innanfor det komande Voss herad. "
            }
        ]
    }
]
```