Oddrun Midtbø om «Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria» // Sogn kunstsenter, 23 November | AllEvents

Oddrun Midtbø om «Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria» // Sogn kunstsenter

Lærdal kulturhus

Highlights

Sun, 23 Nov, 2025 at 03:00 pm

Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norway

Advertisement

Date & Location

Sun, 23 Nov, 2025 at 03:00 pm (CET)

Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri

Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norge, Voss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Oddrun Midtbø om «Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria» // Sogn kunstsenter
Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor held legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk liva sine øydelagde etter inngrepet.

Under arbeidet med boka om Harastølen oppdaga Oddrun Midtbø ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante, Juliane Marie, som var innlagt som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene?

Kampen for innsyn i pasientjournalen hennar er den raude tråden i denne sterke forteljinga.

Midtbø tek vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter lobotomistane, og dei som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur.

Oddrun Midtbø kjem til Sogn kunstsenter for å fortelje om boka og arbeidet med denne. I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.

Inngang kr. 100,-

Arrangementet er støtta av Fritt Ord og er ein del av ei arrangementsrekkje som ser på forholdet mellom kunst, psyke og institusjon i samband med Hans Gjesme-utstillinga "Gal og genial?"

Foto: Ståle Lidsheim


Also check out other Arts events in Voss.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Oddrun Midtbø om «Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria» // Sogn kunstsenter can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norway, Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norge, Voss, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Lærdal kulturhus

Lærdal kulturhus

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Oddrun Midtbø om «Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria» // Sogn kunstsenter, 23 November | AllEvents
Oddrun Midtbø om «Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria» // Sogn kunstsenter
Sun, 23 Nov, 2025 at 03:00 pm