Mjuk yoga time som er tilpassa alle nivå!
Timane startar med å lande på matta med fokus på pusten før me mjukar opp kroppen. Alle yogaposisjonar vert gått gjennom i roleg tempo. Timane vert avslutta enten med ein lang god avspenning eller Yoga Nidra.
Eg har gode ullmatter, bolstere, klosser og band som er god hjelp i timane.
Målet er å slappe av, få kontakt med pusten og lytte innover, samtidig som me tøyer og strekk på kroppen.
Ta med eiga matte om du har, dersom ikkje så har eg nokre ekstra. Det er også godt med eit teppe, ullsokkar, litt vatn og gjerne ein pute til avspenning.
Kom gjerne 10 minutt før timen starter, så du får tid til å "lande" på matta.
Påmelding
Du må sende meg ei melding, det er ikkje nok å skrive "skal" på arrangementet.
Vipps kr 2.000 til Anemone Yoga #590181 (Du kan vente med å betale til januar)
Gleder meg til å sjå deg på matta!
Also check out other Health & Wellness events in Voss, Music events in Voss, Entertainment events in Voss.