

# Event Details

- **Event Name**: HO-leiar 16.april
- **Event Start and End Date**: Thu, 16 Apr, 2026 at 04:00 pm (+02:00)
- **Event Description**: Arrangementet er fullteikna, men ta kontakt til lilly@hardangervoss.no om du ønskjer å stå på venteliste.

Velkomen til ei ny samling i HO – nettverket for kvinner som vil utvikla seg, dela og skapa saman.

Sidan sist me møttest under HO – skapar på Ekstremsportveko i 2025, har det vore stille utad – men langt frå stille i kulissane. Mange av dykk har venta på fortsetjinga, og det gjer det ekstra kjekt å no endeleg kunna invitera til neste samling.

Me har brukt tida godt – lytta til innspel, samla erfaringar og arbeidd vidare med å forma HO som ein relevant, inspirerande og trygg møteplass. No ser me fram til å samlast igjen, med eit nytt tema:

HO – leiar

Denne gongen rettar me blikket mot leiarskap – både det å leia andre, og det å stå i eiga utvikling som leiar. Gjennom fagleg påfyll, personlege historier og gode samtalar ønskjer me å skapa ein arena der ulike perspektiv får plass, og der du kan kjenna deg att – eller bli utfordra.

HO er eit nettverk på tvers av bransjar, alder og erfaring – der målet er å byggja relasjonar, dela kunnskap og inspirera kvarandre i ei uformell og inkluderande ramme.

Me gler oss til å samla dykk igjen – til nye perspektiv, gode møte og inspirerande samtalar.

Velkomen til HO – leiar!

Program

📍 Hardanger og Voss Næringshage, Gondolbygget
🕓 Kl. 16:00 Fagleg program

🕢 Kl. 19:30 Felles middag på Eyyes for dei som ønskjer å halda fram samtalane i ei sosial ramme. Middagen er gratis.

 

Me får besøk av tre sterke stemmer innan leiarskap:

Åshild Lande:
Direktør i PwC og psykologspesialist i organisasjonspsykologi.
Åshild har brei erfaring som rådgivar innan leiar- og leiargruppeutvikling, og har utvikla og gjennomført ei rekkje leiarprogram i både offentleg og privat sektor. I sitt inspirasjonsforedrag vil ho løfta fram ulike perspektiv på leiarskap – relevant både for deg som leiar, og deg som blir leia. Her vert det òg tid til dei gode samtalane på tvers.


Helene Seim:
Administrerande direktør i Boliden Odda.
Med over 20 års erfaring frå industrien, doktorgrad i materialteknologi og ei karriere som starta i produksjonen, har Helene gått heile vegen til toppleiing. Ho er kjend for sitt sterke engasjement for utvikling, tryggleik og berekraft – og for å bana veg for fleire kvinner i industrien.


Guro Valland:
Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Bergensavisen.
Med bakgrunn frå mellom anna Avisa Hordaland og fleire sentrale roller i mediebransjen, vil Guro dela erfaringar frå si leiarrolle – med refleksjonar kring utfordringar, moglegheiter og læring undervegs. Ho er særleg engasjert i kvalitetsjournalistikk, digital utvikling og tydeleg leiarskap.

 NB: Arrangementet er berre for kvinner.

Kvinnenettverket HO, i samarbeid og me støtte frå; Sparebanken Norge og Agenda Vestlandet

 

📌 Kva er HO?

HO er eit nytt nettverk for kvinner på tvers av bransje, alder og region, og som vil bygga relasjonar, dela erfaringar og bli inspirert.

Hensikta er å skapa ein arena for innovasjon og samarbeid – i ei uformell og trygg ramme.

Kvart arrangement får eit eige tema som vert spegla i namnet. Me samlast fleire gonger i året for å utforska aktuelle tema gjennom føredrag, diskusjonar og workshops, og ikkje minst – gode samtalar og sosialt fellesskap.

HO er for deg som vil bli inspirert, utvikla deg, dela kunnskap – saman med andre kvinner.
- **Event URL**: https://allevents.in/voss/ho-leiar-16april/200029869300220
- **Event Categories**: workshops
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 44

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Voss
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Evangervegen 3, 5704 Vossevangen, Norway
- **lat**: 60.62906
- **long**: 6.41135
- **full address**: Evangervegen 3, 5704 Vossevangen, Norway, Evangervegen 3, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: HO-leiar 16.april
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events10/banners/5d45e0e9714cd902e267ccbbf7b6b057663e2bf13eab65a0e791afe3b68191bb-rimg-w1200-h686-dcd9c7a4-gmir?v=1775988526

## FAQs

- **Q**: When and where is HO-leiar 16.april being held?
  - **A:** HO-leiar 16.april takes place on Thu, 16 Apr, 2026 at 04:00 pm to Thu, 16 Apr, 2026 at 04:00 pm at Evangervegen 3, 5704 Vossevangen, Norway, Evangervegen 3, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway.
- **Q**: Who is organizing HO-leiar 16.april?
  - **A:** HO-leiar 16.april is organized by Hardanger og Voss Næringshage.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** HO-leiar 16.april is ideal for curious learners, students, and skill-builders looking to gain hands-on knowledge and practical expertise in a focused, interactive setting. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Voss, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. If HO-leiar 16.april sounds like your kind of event, don't wait - spots fill up fast.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "HO-leiar 16.april",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events10/banners/5d45e0e9714cd902e267ccbbf7b6b057663e2bf13eab65a0e791afe3b68191bb-rimg-w1200-h686-dcd9c7a4-gmir?v=1775988526",
        "startDate": "2026-04-16T16:00:00+02:00",
        "url": "https://allevents.in/voss/ho-leiar-16april/200029869300220",
        "eventStatus": "https://schema.org/EventScheduled",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Evangervegen 3, 5704 Vossevangen, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Evangervegen 3, 5700 Voss, Norge",
                "addressLocality": "Voss",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.62906",
                "longitude": "6.41135"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Arrangementet er fullteikna, men ta kontakt til lilly@hardangervoss.no om du ønskjer å stå på venteliste.\n\nVelkomen til ei ny samling i HO – nettverket for kvinner som vil utvikla seg, dela og skapa saman.\n\nSidan sist me møttest under HO – skapar på Ekstremsportveko i 2025, har det vore stille utad",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Hardanger og Voss Nringshage",
                "url": "https://allevents.in/org/hardanger-og-voss-næringshage/21210963"
            }
        ]
    }
]
```