

# Event Details

- **Event Name**: Symra-konsert: Ivar Aasen-viser med barnekor og folkesongarar
- **Event Start and End Date**: Sun, 09 Nov, 2025 at 04:00 pm
- **Event Description**: «hos de Konditionerede betragtes jeg nemlig som en Sprogmand, men hos Almuen betragtes jeg som en Digter»  
- Ivar Aasen i brev til Carl Unger, 9.11.1850 

Lenge før Ivar Aasen vart kjend som den store språkforskaren, var visene han dikta sungne i hus og heim kring om på Nord-Vestlandet. Den dag i dag kan dei fleste «Nordmannen» (Millom bakkar og berg), og kanskje fleire Aasen-viser. Men dei færraste har høyrt dei mange flotte folketonane til visene hans, som har levd på folkemunne fram til våre dagar. Mange av dei finst no berre i folkemusikk-arkiva, og vert lite brukt. Denne skatten vil Nynorsk kultursentrum og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (Viti) få fram i lyset!  

På konserten får du høyre eit utval av Aasen sine viser og tonane folk har brukt til dei. Folkesongar Gro Kjelleberg Solli har dukka ned i arkivopptak og sunge liv i gøymde tonar som har vore brukte til Aasen-visene, medan folkesongar Øystein Hovland tek med seg ei rekkje Aasen-viser som han har i familietradisjon. Dei lokale barnekora og folkemusikkgruppene Glød, Volda og Ørsta korskule, Øyrafolk og Småkvedarane i Hornindal spelemannslag har lært seg eit knippe Aasen-viser, som er arrangerte av musikar og komponist Jorun Marie Kvernberg. Og kanskje vert det allsong?  

Tidlegare på dag er det folkesongkurs for vaksne med Solli og Hovland, der du kan lære nokre av songane. Konserten og kurset er ein markering av at den endelege utgåva av Symra av Ivar Aasen kom ut for 150 år sidan.  

Kafeen i Aasentunet er open under og etter arrangementet, og det vert sal av mat.   

Gro Kjelleberg Solli kjem frå Angvika på Nordmøre og er busett i Os i Nord-Østerdalen. Ho er utdanna folkemusikar og musikkpedagog ved Universitetet i Søraust-Noreg og Noregs musikkhøgskole, og arbeider ved Os kulturskole og som frilans folkemusikar. Solli vann vokal klasse A under Landskappleiken i 2004 og 2012, og gav ut plata «Stien eg fann» i 2018. Solli har medverka på ei rekkje sceneproduksjonar og plater.  

Øystein Hovland kjem frå Ørsta og har utdanning i folkesong frå Universitetet i Søraust-Noreg. Han arbeider til dagleg som lærar og har skrive mastergrad om songkultur på tvers av generasjonar. Hovland har folketonar til Ivar Aasen-viser i familietradisjon.

Arrangementet er støtta av Sparebanken Norge, Tussa, Møre og Romsdal folkemusikklag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
- **Event URL**: https://allevents.in/volda/symra-konsert-ivar-aasen-viser-med-barnekor-og-folkesongarar/200029066660714
- **Event Categories**: concerts, workshops
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 50

## Ticket Details

- **Ticket URL**: https://checkout.ebillett.no/363/events/123/purchase/setup?utm_source=AllEvents.in&utm_medium=event-discovery-platform&utm_campaign=volda-events

## Event venue details

- **city**: Volda
- **state**: MR
- **country**: Norway
- **location**: Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norway
- **lat**: 62.1794
- **long**: 6.06004
- **full address**: Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norway, Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norge, Volda, Norway

## Event Organizer details

- **affiliate_id**: 2
- **organizer**: Aasentunet (https://allevents.in/org/aasentunet/26510486)

## Event gallery

- **Alt text**: banner
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events10/banners/34e662a47d41746e2b2cf2a9375bcd0c149d9da26854a44d059abfad40b49627-rimg-w1200-h675-dcbdddf6-gmir?v=1762534498
- **Alt text**: thumbnail
  - **Image URL**: https://dyn-image.allevents.in/generate-image?v=4&title=Symra-konsert%3A+Ivar+Aasen-viser+med+barnekor+og+folkesongarar&date=09+Nov

## FAQs

- **Q**: When is the event happening?
  - **A:** Sun, 09 Nov, 2025 at 04:00 pm
- **Q**: Where is the event happening?
  - **A:** Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norway, Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norge, Volda, Norway
- **Q**: Who is organizing the event?
  - **A:** Aasentunet
- **Q**: What type of event is this?
  - **A:** concerts, workshops
- **Q**: Where can I find ticket details about Symra-konsert: Ivar Aasen-viser med barnekor og folkesongarar ?
  - **A:** You can find ticket details about this event on AllEvents.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "MusicEvent",
        "name": "Symra-konsert: Ivar Aasen-viser med barnekor og folkesongarar",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events10/banners/34e662a47d41746e2b2cf2a9375bcd0c149d9da26854a44d059abfad40b49627-rimg-w1200-h675-dcbdddf6-gmir?v=1762534498",
        "startDate": "2025-11-09",
        "url": "https://allevents.in/volda/symra-konsert-ivar-aasen-viser-med-barnekor-og-folkesongarar/200029066660714",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norge",
                "addressLocality": "Volda",
                "addressRegion": "MR",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "62.1794",
                "longitude": "6.06004"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "«hos de Konditionerede betragtes jeg nemlig som en Sprogmand, men hos Almuen betragtes jeg som en Digter»  \n- Ivar Aasen i brev til Carl Unger, 9.11.1850 \n\nLenge før Ivar Aasen vart kjend som den store språkforskaren, var visene han dikta sungne i hus og heim kring om på Nord-Vestlandet. Den dag i d",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Aasentunet",
                "url": "https://allevents.in/org/aasentunet/26510486"
            }
        ]
    }
]
```