

# Event Details

- **Event Name**: Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen // Konsert
- **Event Start and End Date**: Wed, 16 Sep, 2026 at 07:30 pm (+02:00)
- **Event Description**: STILLHOUSE – DUO
Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er to av landets mest særmerkte artistar – og saman utgjer dei ei kraftpakke av nærvær, energi og musikalitet. Dette er americana med norsk sjel: rått, varmt og fullt av liv.


Raknes spelar berre kontrabass, men får instrumentet til å låte som eit heilt band. Med fingerspel, effektar og looping byggjer han alt frå lågmælte landskap til drivande groove, medan stemma til Wilhelmsen slyngjer seg rundt, over og gjennom lydbiletet med leik og presisjon. Samspelet mellom dei er intuitivt, morosamt og uforutsigbart – ein fri flyt av musikalsk overskot.


Repertoaret består av Raknes sine eigne låtar frå Stillhouse-serien – Chasing the Real Things, On the Road, Due og Drone, TID – og handplukka tolkingar av mellom andre Bruce Springsteen, Bob Dylan og Depeche Mode. Fellesnemnaren er ærlegdom, musikalitet og forteljingar som treff.


Stillhouse Duo er kjend som eit av landets beste liveband, med ei sjeldan evne til å kommunisere med publikum – ekte, spontant og med smittande speleglede.


Steinar Raknes
Bassist, vokalist og låtskrivar med ein særprega kombinasjon av kontrabass, stemme og elektronikk. Han har gitt ut fleire kritikarroste album, turnert verda rundt og spela med artistar som Chick Corea, Mickey Raphael og Tord Gustavsen. Raknes er kjend for sitt sterke nærvær, virtuose og nyskapande basspel, uttrykksfull vokal og evna til å skape store lydbilete ved hjelp av elektronikk – ein kompromisslaus musikar med djup forankring i både jazz og americana.


Unni Wilhelmsen
Songar, gitarist og låtskrivar med ei stemme og formidlingsevne som har gjort henne til ein av Noregs mest folkekjære artistar. Ho slo gjennom i 1996 med låta Won’t Go Near You Again, og har sidan gitt ut fleire prisvinnande album, turnert landet rundt og samarbeidd med ei rekkje norske musikarar. På scena er ho varm, vittig og til stades – ein formidlar som får alt ho syng til å kjennast ekte.
- **Event URL**: https://allevents.in/volda/steinar-raknes-and-unni-wilhelmsen-konsert/200030288159654
- **Event Categories**: music, entertainment, concerts
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 94

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Volda
- **state**: MR
- **country**: Norway
- **location**: Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway
- **lat**: 62.19753
- **long**: 6.12967
- **full address**: Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Steinar Raknes &amp; Unni Wilhelmsen // Konsert
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events7/banners/e9d59f2b9c7b12c139631f44b4f98aaf380326d115c13a89a577e12320a8c9d6-rimg-w1200-h801-dc080808-gmir?v=1788379864

## FAQs

- **Q**: When and where is Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen // Konsert being held?
  - **A:** Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen // Konsert takes place on Wed, 16 Sep, 2026 at 07:30 pm to Wed, 16 Sep, 2026 at 07:30 pm at Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway.
- **Q**: Who is organizing Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen // Konsert?
  - **A:** Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen // Konsert is organized by Ørsta kulturhus og kino.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen // Konsert is ideal for live music fans, concert-goers, and anyone who enjoys unforgettable performances from their favorite artists in an electric live atmosphere. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Volda, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. With 90+ people already showing interest, this is clearly an event worth adding to your calendar - don't miss out.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "MusicEvent",
        "name": "Steinar Raknes &amp; Unni Wilhelmsen // Konsert",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events7/banners/e9d59f2b9c7b12c139631f44b4f98aaf380326d115c13a89a577e12320a8c9d6-rimg-w1200-h801-dc080808-gmir?v=1788379864",
        "startDate": "2026-09-16T19:30:00+02:00",
        "url": "https://allevents.in/volda/steinar-raknes-and-unni-wilhelmsen-konsert/200030288159654",
        "eventStatus": "https://schema.org/EventScheduled",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge",
                "addressLocality": "Volda",
                "addressRegion": "MR",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "62.19753",
                "longitude": "6.12967"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "STILLHOUSE – DUO\nSteinar Raknes og Unni Wilhelmsen er to av landets mest særmerkte artistar – og saman utgjer dei ei kraftpakke av nærvær, energi og musikalitet. Dette er americana med norsk sjel: rått, varmt og fullt av liv.\n\n\nRaknes spelar berre kontrabass, men får instrumentet til å låte som eit",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "rsta kulturhus og kino",
                "url": "https://allevents.in/org/Ørsta-kulturhus-og-kino/6790697",
                "description": "Ørsta kulturhus inneheld scene for teater/konserter/dans med 316 plassar. \nØrsta kino har 253 plassar og faste framsyningar tirsd, torsd, fred, nokre laurdagar + søndag.\nVi har også festsal m/kjøkken og kafe som passar godt til alle typer selska"
            }
        ]
    }
]
```