

# Event Details

- **Event Name**: Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026
- **Event Start and End Date**: Sun, 17 May, 2026 at 08:00 pm (+02:00)
- **Event Description**: Festkonsert i kvinnene sitt teikn
Nasjonaldagen 17. mai i Volda blir ikkje komplett før den tradisjonelle festkonserten
med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har tona ut! I år merkar konserten seg
spesielt ut som kvinnene sin arena, med kvinneleg dirigent og solistar og ein
kvinneleg komponist. Denne kombinasjonen er enno såpass uvanleg at det er verdt å
markere…
Komponisten er Anne-Marie Ørbeck (1911-1996), som er omtalt av NRK sin musikk-
kritikar Eystein Sandvik som “den siste store utøvar-komponisten etter Grieg og
Agathe Backer-Grøndahl”. Ørbeck vaks opp i Oslo og reiste alt som 19-åring til Berlin
for å studere både utøving og komposisjon. Ho debuterte som solist med Oslo
filharmoniske orkester i Oslo i 1933, og klaverkonserten hennar, Konzertino, vart
uroppført til stor begeistring i Berlin 1938, med komponisten sjølv som solist. Dette er
eit sprudlande verk i fire satsar som kombinerer melodiske impulsar frå den norske
folkemusikken med ein leikande rytmikk som har slektskap med verk av Prokofiev.
Det er dette verket som blir framført på festkonserten i Volda kyrkje, med Kei Solvang
som solist.
Kei var òg solist i fjor og imponerte med ei gnistrande tolking av Grieg sin
klaverkonsert i a-moll. I år kan publikum glede seg til å høyre ho spele Ørbeck sin
Konzertino som ho spelte med Bergen filharmoniske orkester på Festspela i 2023.
Kei har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar og motteke fleire stipend. Etter
å ha fullført bachelorgrad med høgaste karakter ved Det Kongelige Danske
Musikkonservatorium, er ho no masterstudent ved Hochschule für Musik und Theater
München hjå professor Silke Avenhaus.
Verk av Grieg står òg på programmet i år, mellom anna Solveigs sang og Ved
Rondane med Karen Rosenberg Olsen som solist. Karen har songutdanninga si frå
Barratt Due Musikkinstitutt, Royal Conservatoire of Scotland og Norges
Musikkhøgskole og no kombinerer ho arbeid som høgskulelektor i musikk ved
Høgskulen i Volda med frilansoppdrag.
Dirigent for konserten er Elizabeth Oltedal, dosent i musikkpedagogikk ved
Høgskulen i Volda. Elizabeth har utdanning frå University of Durham, University of
London Institute of Education, og Norges musikkhøgskole. Ho har vore dirigent for
symfoniorkesteret i ei årrekkje.
Vel møtt til nasjonal festkonsert!

Sjå nettsida vår for komande konsertar: www.orkesteret.no
- **Event URL**: https://allevents.in/volda/nasjonal-festkonsert-i-volda-kyrkje-17-mai-2026/200030038606932
- **Event Categories**: Art, Theatre
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 0

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Volda
- **state**: MR
- **country**: Norway
- **location**: Volda Kyrkje
- **lat**: 62.14587
- **long**: 6.06743
- **full address**: Volda Kyrkje, Kyrkjegata 6,Volda, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events6/banners/63d6be79986a65930958b5ccaf3fa6965bbd7c5ac807fc205a28271d9cfa5d4f-rimg-w1200-h1697-dcfefefe-gmir?v=1778356412

## FAQs

- **Q**: When and where is Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026 being held?
  - **A:** Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026 takes place on Sun, 17 May, 2026 at 08:00 pm to Sun, 17 May, 2026 at 08:00 pm at Volda Kyrkje, Kyrkjegata 6,Volda, Norway.
- **Q**: Who is organizing Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026?
  - **A:** Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026 is organized by Marita Therese Voldnes.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026 is ideal for live music fans, concert-goers, and anyone who enjoys unforgettable performances from their favorite artists in an electric live atmosphere. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Volda, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. If Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026 sounds like your kind of event, don't wait - spots fill up fast.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "MusicEvent",
        "name": "Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2026",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events6/banners/63d6be79986a65930958b5ccaf3fa6965bbd7c5ac807fc205a28271d9cfa5d4f-rimg-w1200-h1697-dcfefefe-gmir?v=1778356412",
        "startDate": "2026-05-17T20:00:00+02:00",
        "url": "https://allevents.in/volda/nasjonal-festkonsert-i-volda-kyrkje-17-mai-2026/200030038606932",
        "eventStatus": "https://schema.org/EventScheduled",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Volda Kyrkje",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Kyrkjegata 6,Volda",
                "addressLocality": "Volda",
                "addressRegion": "MR",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "62.14587",
                "longitude": "6.06743"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Festkonsert i kvinnene sitt teikn\nNasjonaldagen 17. mai i Volda blir ikkje komplett før den tradisjonelle festkonserten\nmed Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har tona ut! I år merkar konserten seg\nspesielt ut som kvinnene sin arena, med kvinneleg dirigent og solistar og ein\nkvinneleg komponist",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Marita Therese Voldnes",
                "url": "https://allevents.in/org/marita-therese-voldnes/19542127"
            }
        ]
    }
]
```