Velkomen til vårt tradisjonelle juleshow i Ørstahallen🎄🤸🏼♀️
📅 Sett av dagen: Søndag 30. november, frå kl. 13:00 til 16:30.
Bli med på ein herleg førjulsdag fylt med turn, musikk og julestemning!
Det blir ein spennande dag med variert oppvising, med eit stort mangfald av breidde-grupper, rytmisk gymnastikk, cheerleading, apparat, og dei søte, små gymnastane i frå gymleik.
Det vert ei pause på 20 minutt midt i programmet, og i løpet av dagen kan du kjøpe drikke, noko godt å bite i og lysstavar for å gjere dagen enda meir magisk. 🪄
Kanskje kjem nissen på besøk i år også? 🎅🏼
🎟️ Pris: 120 kr for vaksne og 50 kr for born over 6 år.
NB! Hugs å møt opp før pausa for å bli med i trekninga av dei flotte gevinstane i årets billettlotteri.
Vi gleder oss til å ringe jula inn med ei magisk og minnerik juleoppleving - dette vil du ikkje gå glipp av! 😍