

# Event Details

- **Event Name**: "Etter ferdasvegen" med Geir Marius Thorud og Øystein Rudi
- **Event Start and End Date**: Thu, 16 Oct, 2025 at 07:00 pm
- **Event Description**: Spelmenn har alltid reist. Ein lyt vera der publikum er. Og der impulsar finst.
For snart 200 år sidan var Fel-Jakup som gutunge med i følgjet til Karl Fant i to heile år. Låtar og spelmannskunne vart utveksla mellom folk og distrikt. 
Rett opp for garden til Øystein, på austsida av Gudbrandsdalen, heiter det Rørosvadet. Det var der lasskjørarane vada over elva på tur til Røros.  Før jernbanen si tid var lasskøyringa storindustri, og meir enn 1000 lass gjekk aust over fjellet kvar vinter. Til Røros kom også svenske forbønder, og spelmenn møttest frå båe kantar. I nyare tid er denne tradisjonen teke opp att, og Røros er stadig sentrum for byte av slåttar mellom spelemenn frå ulike kantar.
«Du må rese nå…..» Det var diktaren Johan Falkberget som sa dette til den unge Sven Nyhus. Og Sven reiste, skaffa seg kunnskap, og han reiste sitt monument over Rørosmusikken. 
Sjølve har vi fått vera spelmenn etter ferdasvegen i årevis, og denne skiva blir til i glede over kjenskap og venskap med spelmenn vidt omkring. Det har gjort våre spelmannsliv meir innhaldsrike.  Musikken kjenner ikkje riksgrenser, og å reise utvidar horisonten.
Vi håper du får ei god stund med spelmannsmusikk etter ferdasvegen. Låtar til dans og låtar til å høyre på. Usigeleg vakre mollstemte polskor i gyngande samspel i varme sommarnatta – har du opplevd det gløymer du det aldri! 

Helsing Geir Marius Thorud og Øystein Rudi

Om spelmennene
Geir Marius Thorud er spelmann og tradisjonsbærar, gardsarbeider, allsidig handverkar og hestekøyrar. Han spelar med mange, og som sosial allspelar både på torader, trekkspel og kontrabass har han kompisar i musikk over heile Norden. Midtvinters har han i mange år vore med når Fron Lasskøyrarlag tek turen, 11 dagar gjennom Rondane og Østerdalen til Røros med hest og slede. Trekkspelet er med på lasset da også. 

Øystein Rudi er spelmann og kulturgardbrukar på Rudi Gard, med arrangement og levande kulturformidling som hovudsyssel. Han var med i ungdomsgjengen som vart til Sør-Fron Spelemannslag sist på 1970-talet, og var leiar laget frå 1985 til 1995. Han har vunne Landskappleiken tre gonger, og har fire Spellemannsprisar i lag med gode spelkompisar. I seks år var han direktør for Gudbrandsdalsmusea, ved sida av musikk og gardsdrift. 

«To dyktige spelemenn, to knakande gode historieforteljarar. Forteljarkonserten til duoen Øystein Rudi og Geir Marius Thorud er ei musikalsk humorreise av det sjeldne.  Karane serverer drivande spel krydra med gode historier og intelligent på kanten-humor. Kort sagt - ei morostund du ikkje bør gå glipp av om du treng påfyll av godt humør». 
Bjarne Tormodsgard, Ål. Tidlegare redaktør av avisa Hallingdølen. 


Billetter kjøpes i døra. Salg av kaffe og kake. 
290 -, voksen
100-, studenter/ barn u. 18 år.

(NB! Begrenset med plasser)
- **Event URL**: https://allevents.in/sunndalsora/etter-ferdasvegen-med-geir-marius-thorud-og-Øystein-rudi/200029012050319
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 64

## Ticket Details

- **Ticket URL**: http://facebook.com/200029012050319?utm_source=AllEvents.in&utm_medium=event-discovery-platform&utm_campaign=sunndalsora-events

## Event venue details

- **city**: Sunndalsora
- **state**: MR
- **country**: Norway
- **location**: Bårdsgarden
- **lat**: 62.68030890203
- **long**: 9.1502380371094
- **full address**: Bårdsgarden, Sunndalsora, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: banner
  - **Image URL**: https://dyn-image.allevents.in/generate-image?v=4&title=%22Etter+ferdasvegen%22+med+Geir+Marius+Thorud+og+%C3%98ystein+Rudi&date=Thu%2C+16+Oct%2C+2025+at+07%3A00+pm&bg=5
- **Alt text**: thumbnail
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events7/banners/9dab7f6407e401643043fa316c88b0458cbbc9d2f28969c8133e42bba0240a63-rimg-w300-h300-dc352e2c-gmir?v=1759648459

## FAQs

- **Q**: When is the event happening?
  - **A:** Thu, 16 Oct, 2025 at 07:00 pm
- **Q**: Where is the event happening?
  - **A:** Bårdsgarden, Sunndalsora, Norway
- **Q**: What type of event is this?
- **Q**: Where can I find ticket details about "Etter ferdasvegen" med Geir Marius Thorud og Øystein Rudi ?
  - **A:** You can find ticket details about this event on AllEvents.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "&quot;Etter ferdasvegen&quot; med Geir Marius Thorud og Øystein Rudi",
        "image": "https://dyn-image.allevents.in/generate-image?v=4&title=%22Etter+ferdasvegen%22+med+Geir+Marius+Thorud+og+%C3%98ystein+Rudi&date=Thu%2C+16+Oct%2C+2025+at+07%3A00+pm&bg=5",
        "startDate": "2025-10-16",
        "url": "https://allevents.in/sunndalsora/etter-ferdasvegen-med-geir-marius-thorud-og-Øystein-rudi/200029012050319",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Bårdsgarden",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "name": "Bårdsgarden, Sunndalsora, Norway",
                "addressLocality": "Sunndalsora",
                "addressRegion": "MR",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "62.68030890203",
                "longitude": "9.1502380371094"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Spelmenn har alltid reist. Ein lyt vera der publikum er. Og der impulsar finst.\nFor snart 200 år sidan var Fel-Jakup som gutunge med i følgjet til Karl Fant i to heile år. Låtar og spelmannskunne vart utveksla mellom folk og distrikt. \nRett opp for garden til Øystein, på austsida av Gudbrandsdalen,"
    }
]
```