Musikalske meisterverk, 24 April | Event in Sunndal | AllEvents

Musikalske meisterverk

Operahuset Nordfjord

Highlights

Fri, 24 Apr • 07:00 PM

2.3 hours

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway

39+ people are Interested
Advertisement

Date & Location

Fri, 24 Apr • 07:00 PM (CEST)

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Musikalske meisterverk
Musikalske meisterverk er tittelen på konsertturnéen Opera Nordfjord legg ut på i slutten av april, med konsertar i Operahuset Nordfjord fredag 24. april, Førdehuset laurdag 25. april og Parken Kulturhus søndag 26. april. Distriktsoperaen på Nordfjordeid har fått med seg Musikklinjekoret på Firda vidaregåande skule og Ålesund Operakor, og saman med eigne korsongarar vil prosjektkoret telle ca. 110 songarar.

Solistar er sopran Lydia Hoen Tjore frå Radøy og Cecilia Lund Tomter fra Oslo, og vi får høyre dei både i eigne ariar, i duett fra Rosenkavaleren av Richard Strauss og heilt til slutt i sjølve hovudverket på konserten, som sjeldan blir framført på desse kantar: siste sats fra Mahler sin mektige 2. symfoni, «Oppstandelsessymfonien», der solistar, kor og eit utvida operaorkesteret når nye høgder i ein skjellsettende musikalsk finale.

Det er dirigent Michael Pavelich som har sett saman repertoaret for konserten, og han garanterer ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. Før den mektige avslutninga får publikum oppleve både den staselige overtüren til Die Meistersinger av Wagner, korkantaten Singet dem Herrn av J. S. Bach, ariar frå Samson and Dalila av Saint-Saëns og Lucrezia Borgia av Donizetti og ei perle av eit korstykke, Tendre Amour, som mildt og stille avsluttar første avdeling, før det brakar laust etter pause.

Dei tre kora ser fram til ein kjekk vår med innøving av vakker kormusikk ein ikke høyrer så ofte; det er ingen tvil om at både solistar, kor og orkester skal få glitre i tur og orden på konsertscenene på Nordfjordeid, i Førde og i Ålesund, forhåpentlegvis for fullsette salar!


You may also like the following events from Operahuset Nordfjord:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Musikalske meisterverk can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway
Reserve your spot

Host Details

Operahuset Nordfjord

Operahuset Nordfjord

2 Followers

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Musikalske meisterverk, 24 April | Event in Sunndal | AllEvents
Musikalske meisterverk
Fri, 24 Apr • 07:00 PM