MiniMalakoff26 i Sagaparken🔥
I samarbeid med SpareBank1 1 Sogn og Fjordane inviterer vi alle til gratiskonsert i Sagaparken på laurdag 18. juli kl 12!
I år så er det to av våre mest rutinerte og folkekjære barneunderhaldarar Bare Egil og Aslags superpopulære barneshow som står på scena.
Dei ungdommelege nokreogfemtiåringane tek i bruk moderne verkemiddel som synth-trommer, keytar, sminke og TikTok-inspirerte dansetrinn i eit forsøk på å nå endå betre fram til den oppveksande slekta. Problemet? Det kostar å vere hipp og moderne – og plutseleg må dei ty til kreative (og heller tvilsame) løysingar for å halde fasaden oppe.
Med rause dosar musikk, humor og ironi får publikum ei ellevill framsyning som både underheld og pirkar borti samtida sine skyggesider – frå motepress til kunstige skjønnheitsideal.
«Bare» Egil Hegerberg og Aslag Guttormsgaard har spelt saman i ei rekkje tiår i band som Hurra Torpedo, Bare Egil Band og Black Debbath, og er velkjende frå både Barne-TV, film og ei rad TV-program.
Målgruppe: Dei som har foreldre som er dumme nok til å tru at dette passar for barn😎
#malakoff26 #minimalakoff #sagaparken
You may also like the following events from Malakoff:
Also check out other
Entertainment events in Sunndal,
Music events in Sunndal.