SET AV MANDAG 22.DESEMBER!
🎶JULEKVELD MED EID ROCK KLUBB!😎
på Chez maman Crêperie & Café
På tide å samlast? Mimre, skryte og skrøne litt?
Vi køyrer på med passande julemusikk og god Rockestemning.
I høve rockeguruen og ein av gründerane i Eid Rock Klubb, Kristen Sætre, sin bortgang før jul i fjor, har det dukka opp diverse legendariske Valhallplakatar frå 80-talet, nokre band-tskjorter og diverse anna som bror Agnar ønskjer skal kome i gode hender. Noko av dette vil bli seld på auksjon, resten til fastpris! Agnar (og Kristen?) ønskjer at desse pengane skal gå til Eid Rock Klubb.
Har du bilete eller andre memorabilia relatert til Eid Rock Klubb, så TA DET MED!😁
Dette kan fort bli ein rett så triveleg kveld🤩
19.00 Dørene opnar
21.00 Auksjon
23.00 (Ca) Musikalsk overrasking
ETTERPÅ: Mingling, mimring, lått og løye😄
18års aldersgrense pga rettigheitar
Elles er arrangement ope for alle.
Velkomne!
Rock your socks off!🤘
You may also like the following events from Chez maman Crêperie & Café:
Also check out other
Music events in Sunndal,
Entertainment events in Sunndal.