Mi Bygd er ein konsert som fremjar og feirar våre lokalsamfunn, vår kulturarv, identitet og ikkje minst dugnadsånd. Konserten består av original musikk, og nye komposisjonar basert på tekstar av lokale diktarar fra Årdal.
Tekstane er tonesett spesielt for ensemblet av dirigenten Jan Roger Øren.
Premieren 9. nov. 2025 gav oss strålande tilbakemeldingar fra publikum, sosiale medier og presse bl.a. med orda «ein fantastisk og stemningsfull konsert som gjorde noko med deg som tilhøyrar».
Me traff ei nerve i lokalmiljøet og me skjønte behovet for noko ekte og lokalt forankra, som held oss saman og som er grunnleggande viktig i den krevande tida me lever i.
No er det spesielt hyggeleg å få med Sogndal Gospelkor inn i denne konserten, som ein viktig motivasjon til auka kulturelt samarbeid mellom lokalmiljøa.
Saman er me sterkare og større enn oss sjølve, så velkommen inn til fleire lokale krefter i tida som kjem!
Me gledar oss til å besøke Sogndal Kulturhus 12.april og ønsker alle hjertelig velkommen til ein stor og mektig konsert!
Also check out other Concerts in Stryn.