Livets Rytme - ei danseframsyning om psykisk helse, 1 February | Event in Stryn | AllEvents

Livets Rytme - ei danseframsyning om psykisk helse

Livets Rytme

Highlights

Sun, 01 Feb, 2026 at 05:00 pm

1 hour

Årdal Kulturhus

Advertisement

Date & Location

Sun, 01 Feb, 2026 at 05:00 pm to 06:00 pm (CET)

Årdal Kulturhus

Farnesvegen 3, Øvre Årdal, Stryn, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Livets Rytme - ei danseframsyning om psykisk helse
LIVETS RYTME

Kva gjer det med eit ungt sinn å kjenne på angst, press og uro, men ikkje klare å setje ord på det?”

I denne splitter nye danseframsyninga løftar lokale ungdommar fram korleis det er å vere ungdom i dag. Kjenslene går i bølgjedalar, ein kan vere glad den eine dagen og sint den neste, utan heilt å vite kvifor. Samstundes har skjermtida auka, medan den psykiske helsa har gått ned. Dette gjer ungdomstida i dagens samfunn ekstra krevjande.

Gjennom rørsle og uttrykk viser dansarane korleis angst, depresjon og stress påverkar, men òg korleis styrke, fellesskap og glede kan vakse fram.

Bli med på ei sterk og kjensleladd reise. Bli med gjennom Livets Rytme.

Billettpris:
Barn 5-15: 150
Vaksen: 200


Bakgrunn:

Livets Rytme er eit danseprosjekt som set søkjelys på det omlada temaet psykisk helse.

Gjennom dans kan ein uttrykkje, samt bearbeide dei vanskelege kjenslene som ord elles ikkje ville gjort. Dans er også ein måte å veretil stades i augneblinken på, noko som kan hjelpe med å redusere stress og bekymringar.

«Det å skape eit fellesskap mellom ungdommar med same interesse, og jobbe mot eit felles mål, er uvurderleg. Ein kan sleppe dei vonde tankane og få ein pause frå kvardagen. Dette var min måte å «overleve» ungdomstida mi på, og eg ønskjer å vidareformidle denne moglegheita til andre. Samstundes ønskjer eg å setje lys på den viktige tematikken psykisk helse, og på alternative metodar å kome seg gjennom tunge tider på. For nokon kan det kjennast nesten umogleg å setje ord på alt dei føler. Difor er det viktig å kunne få uttrykkje seg på sin eigen måte for å finne utløp for alt som elles tyngar, her gjennom dans.

Dette er driven bak prosjektet og korleis eg har laga danseframsyninga Livets Rytme.»


- Sofie Øren,
Koreograf og skapar av Livets Rytme

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Livets Rytme - ei danseframsyning om psykisk helse can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Årdal Kulturhus, Farnesvegen 3,Øvre Årdal, Stryn, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Livets Rytme

Livets Rytme

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Livets Rytme - ei danseframsyning om psykisk helse, 1 February | Event in Stryn | AllEvents
Livets Rytme - ei danseframsyning om psykisk helse
Sun, 01 Feb, 2026 at 05:00 pm