The return of BingoPower Classic! 💪
Etter fire års pause – og stor etterspurnad frå miljøet – er me endeleg klare for å arrangere BingoPower Classic igjen! I år skjer det i samarbeid med festivalen LustraBalder, og me håpar så mange som mogleg vil vere med og skape stemning både gjennom dagen og langt ut i natta. 😉
Øvingar
(Merk: Det kan kome endringar. Maks tid per øving: 60 sekund.)
1. Markløft for maks med drakt – startvekt 260 kg
2. Frame Walk – 300 kg, 15 meter
3. Pressmedley - Olympiastang 100 kg, Apollons Axel 120 kg, Hantel 72 kg, Stokk 135 kg
4. Yoke – 400 kg, 15 meter
5. Sekkekast – 20–22–24–26–28 kg over 4 m høgd
6. Steinserie – 120 / 140 / 160 / 180 / 200 kg
Påmeldingsfrist: 1. juni
Maks utøvarar: 20 stk
Send påmelding til
dmVnaWxsMiB8IGhvdG1haWwgISBjb20= med info:
Alder:
Vekt:
T-skjorte størrelse:
Beste løft/meritter:
Mål for konken:
Merk e-posten med BingoPower Classic 👌
Premiar
Me jobbar aktivt med å få på plass så mange sponsorar som mogleg. Målet er å kunne tilby pengepremiar til pallplasseringane, og me legg ned mykje arbeid i å sikre at alle får ei topp oppleving i Sogn.
Overnatting
Gaupnetunet Hotell
<https: />
Ca. 2 minutt frå konkurranseområdet.
Quality Hotel Sogndal
<https: />
Ca. 30 minutt frå konkurransen.
NB: Hotella blir truleg raskt fullbooka på grunn av festivalen.
Velkomen til ei kraftfull helg!
Me gler oss enormt til å samle miljøet igjen, og håpar på ein fantastisk dag fylt med tunge løft, godt humør og topp stemning – heilt til siste mann gir seg 🍻
Mvh
BingoPower