Det staselege Steinwayflygelet, toppmodellen frå 1925, rundar 100 år, og har opplevd mykje av Sauda si kulturhistorie sidan industrireisinga. Denne kvelden får du høyra fleire av våre dyktige musikarar framføra eit breitt sortiment klavermusikk. I tillegg til ei rekkje slagarar frå det klassiske repertoaret, får du høyra vår lokale komponist Magne Bokn sin trio for fiolin, cello og piano, framført av Distriktsmusikarane, og eit knippe jazzlåter der flygelet får følgje av bass og trommer.
Som i alle bursdagar er det gratis å koma, og sjølvsagt blir det kake!
Tysdag 18. november kl. 18:00 i Storesalen
På flygelkrakken sit: Vilmer Teig, Inna Mazurova, Eirik Fosstveit, Magne Bokn, Jovana Dobrijević og Leah Ljung
Fiolin: Xenia Berkova
Cello: Jarle Kristoffersen
Bass: Mats Moland Træen
Trommer: Sindre Nordengen
Konferansier: Eli-Jorun Tangeraas
Also check out other Music events in Sauda, Entertainment events in Sauda.