Konsert og bokbad med Tom Roger Aadland, 7 October | Event in Sandnessjoen | AllEvents

Konsert og bokbad med Tom Roger Aadland

Folkeakademiet Nesna

Highlights

Tue, 07 Oct, 2025 at 07:00 pm

Helgeland Museum, Nesna

Advertisement

Date & Location

Tue, 07 Oct, 2025 at 07:00 pm (CEST)

Helgeland Museum, Nesna

Sandnessjoen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Konsert og bokbad med Tom Roger Aadland
Rockepoeten Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste låtskrivarane her i landet dei siste åra. No blir songtekstane hans tilgjengelege i boka «Alle dei i ei – Songlyrikk 1999-2024», som kjem ut på Fonna Forlag. Tysdag 7. oktober vitjar han Folkeakademiet på Nesna med konsert og bokbad.

Aadland slo gjennom med Dylan på nynorsk-albumet «Blod på spora» i 2009. Så begynte han å skriva på nynorsk sjølv, og til no har det kome elleve kritikarroste album frå hans hand. Fleire av songane hans har blitt mykje spelt på norsk radio, og mange vil kjenna igjen titlar som «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies og Vamp, og han har hatt skrivesamarbeid med Kjartan Fløgstad og Trygve Skaug. I den nye boka er alle tekstane frå hans eigne soloplater samla, i tillegg til mange av tekstene han har skrive for andre artister.

«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive fra­sar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande», skreiv Dag og Tid for ti år sidan. Då albumet «Motgift» kom ut, skreiv Klassekampen: «Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer.» «Poesien sin misjon er ikkje å ta i bruk dei største orda, men å smi dei små orda i linjer og vers, gi dei meining», skriv lyrikaren Endre Ruset i føreordet til boka. Aadland sin songlyrikk rommar både det nære og det vidfemnande.

Aadland sine Dylan-gjendiktingar har blitt lagt merke til av mange, og då biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Då høver det bra at haustens første «songbokbad» blir med biskop Anne Lise Ådnøy under litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger. Deretter drar Tom Roger Aadland på landsomfattande turné med blodfersk bok i gitarkofferten.

Arrangør: Folkeakademiet Nesna

Det blir salg av drikkevarer
Inngang:150


Also check out other Concerts in Sandnessjoen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Helgeland Museum, Nesna, Sandnessjoen, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Folkeakademiet Nesna

Folkeakademiet Nesna

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Konsert og bokbad med Tom Roger Aadland, 7 October | Event in Sandnessjoen | AllEvents
Konsert og bokbad med Tom Roger Aadland
Tue, 07 Oct, 2025 at 07:00 pm