Litteraturkveld med Kristin Auestad Danielsen, 20 November | Event in Sandnes | AllEvents

Litteraturkveld med Kristin Auestad Danielsen

Gjesdal folkebibliotek

Highlights

Thu, 20 Nov, 2025 at 08:00 pm

Rettedalen 4, 4330 Ålgård, Norway

Advertisement

Date & Location

Thu, 20 Nov, 2025 at 08:00 pm (CET)

Rettedalen 4, 4330 Ålgård

Rettedalen 4, 4330 Ålgård, Norge, Sandnes, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Litteraturkveld med Kristin Auestad Danielsen
Hjarteleg velkommen til ein ny litteraturkveld med Gjesdalbuen Kristin Auestad Danielsen. Ho har nyleg gitt ut ei ny bok, og denne kvelden møter du henne i samtale med bibliotekaren vår, Bjørn Veen.

I boka i år skriv Kristin om ein sommarferie på Færøyane, og om samnordisk fellesskap og skiljing.

Ho skriv morosamt, forfriskande, freidig og livsnytande.

Kristin er sjølv fødd på Færøyane, og er halvt færøysk.

Meir om På, over, inni:

«I grålysninga ein humlesurrande sommarmorgon pakkar Erla ferdig ein duggblaut fløytekvit Mercedes 1976-modell. Ho og dottera Julie på sju skal rekke Norrøna-båten, som skal ta dei over Atlanterhavet, heilt til Færøyane. Der skal Julie få lære kulturen og språket til landet mora sjølv vaks opp i. For Erla blir det eit møte med alt som finst, og alt som kunne ha vore.

På, over, inni er ei bok inspirert av sommarnostalgi, med lag på lag med somrar, og alt som høyrer til. Og ut frå Færøyane spenner historia ut til nabolanda og blir ein refleksjon over forholda mellom nordiske land.»

Arrangementet er eit «betal det du vil»-arrangement. Det betyr at du kan betale det du vil – viss du vil.

Kafé Nielsen opnar kl. 19:30.

Vi set pris på om du reserverer plass i Friskus, så veit vi at du kjem. Følg lenke: https://gjesdal.friskus.com/events/7dbd697e-34e0-446a-8315-9a846f05b555

Foto: Marian Strand


You may also like the following events from Gjesdal folkebibliotek:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Litteraturkveld med Kristin Auestad Danielsen can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Rettedalen 4, 4330 Ålgård, Norway, Rettedalen 4, 4330 Ålgård, Norge, Sandnes, Norway
Reserve your spot

Host Details

Gjesdal folkebibliotek

Gjesdal folkebibliotek

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Litteraturkveld med Kristin Auestad Danielsen, 20 November | Event in Sandnes | AllEvents
Litteraturkveld med Kristin Auestad Danielsen
Thu, 20 Nov, 2025 at 08:00 pm