

# Event Details

- **Event Name**: Pelicot-rettssaka av Milo Rau & Servane Dècle
- **Event Start and End Date**: Mon, 08 Jun, 2026 at 06:00 pm
- **Event Description**: Med heile samfunnet som vitne.

Pelicot-rettssaka sjokkerte verda i 2024. Ektemannen og 50 andre menn blei funne skuldige i systematisk neddoping og valdtekt av Gisèle Pelicot i nærare ti år.

Pelicot gav opp anonymiteten sin og bestemte at rettssaka skulle gå for opne dører. I rettssalen erklærte ho at ho ønskte at «heile samfunnet skulle vere vitne». Ho blei med eitt eit feministisk ikon, med bodskapen om at skamma må byte side, frå offer til gjerningsperson.

Hovudscenen blir rettssal
Denne ettermiddagen blir Hovudscenen på Det Norske Teatret gjort om til ein rettssal, der Ane Dahl Torp, Ellen Horn, Jae Nyamburah og 26 skodespelarar frå Det Norske Teatret skal gjenskape rettsprosessen i ei fire timar lang framsyning.

Regissør Milo Rau og dramaturg Servane Dècle har alt iscenesett rettssaka i Wien, Lisboa, Warzawa og Stockholm. I løpet av våren følger Milano og New York etter. Stykket blir berre framført éin gong i kvar by.

Kva ligg bak?
«Gjennom Pelicot-rettssaka er det oss sjølve og samfunnet vårt som står for retten», seier regissør Milo Rau, som med dette stykket ønskjer å tvinge samfunnet til å konfrontere patriarkalsk vald, offerklandring og ansvarsfråskriving.

I dette møtet mellom dokumentarteater og dramatisert lesing av rettsdokumenta undersøkjer Rau og Dècle kva som kan ligge bak dei grufulle handlingane Gisèle Pelicot blei utsett for, i ei sterk framsyning som Le Monde har kalla «ein milepæl innan teaterkunsten.»

Framsyninga vil først bli framført i Johanneskirken under Festspillene i Bergen 3. juni før den blir vist i Oslo. Begge stader berre éin gong.

Praktisk informasjon
Opplesingane har detaljerte skildringar av seksuell vald.
Tilrådd aldersgrense er 16 år.

Framsyninga har ikkje pause, men du kan gå ut og inn undervegs i framsyninga, strekke på beina og ta pausar.

Det er eit omsorgsteam til stades. Dei er tilgjengelege før, under og etter framsyninga for spørsmål, tankar og refleksjonar som kan oppstå under framsyninga.

Billettinntektene blir donert til Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO). LMSO er ein interesseorganisasjon som arbeider for å styrke samfunnets forståing og handlekraft i møte med seksuelle overgrep.

Treng du hjelp eller nokon å snakke med?
Det finst mange støttesenter og hjelpetelefonar som er anonyme og gratis, sjå oversikta på lmso.no.

Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Det Norske Teatret.
Eit prosjekt frå Vienna Festival (Wiener Festwochen) / Free Republic of Vienna i samarbeid med Festival d’Avignon.
- **Event URL**: https://allevents.in/oslo/pelicot-rettssaka-av-milo-rau-and-servane-dècle/200029613826022
- **Event Categories**: festivals
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 155

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Oslo
- **state**: OS
- **country**: Norway
- **location**: Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway
- **lat**: 59.91521
- **long**: 10.73864
- **full address**: Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Pelicot-rettssaka av Milo Rau &amp; Servane Dècle
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events9/banners/3d8422cea0d3ae9181cde228e908ce2fcf394b6a41e0796f9428e5639091d455-rimg-w1200-h800-dc09080e-gmir?v=1780074803

## FAQs

- **Q**: When and where is Pelicot-rettssaka av Milo Rau & Servane Decle being held?
  - **A:** Pelicot-rettssaka av Milo Rau & Servane Decle takes place on Mon, 08 Jun, 2026 at 06:00 pm to Mon, 08 Jun, 2026 at 06:00 pm at Kristian IV s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway.
- **Q**: Who is organizing Pelicot-rettssaka av Milo Rau & Servane Decle?
  - **A:** Pelicot-rettssaka av Milo Rau & Servane Decle is organized by Det Norske Teatret.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** Pelicot-rettssaka av Milo Rau & Servane Decle is ideal for festival lovers, culture enthusiasts, and anyone looking for a vibrant, immersive community experience. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Oslo, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. With 150+ people already showing interest, this is clearly an event worth adding to your calendar - don't miss out.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Pelicot-rettssaka av Milo Rau &amp; Servane Dècle",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events9/banners/3d8422cea0d3ae9181cde228e908ce2fcf394b6a41e0796f9428e5639091d455-rimg-w1200-h800-dc09080e-gmir?v=1780074803",
        "startDate": "2026-06-08",
        "url": "https://allevents.in/oslo/pelicot-rettssaka-av-milo-rau-and-servane-dècle/200029613826022",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge",
                "addressLocality": "Oslo",
                "addressRegion": "OS",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "59.91521",
                "longitude": "10.73864"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Med heile samfunnet som vitne.\n\nPelicot-rettssaka sjokkerte verda i 2024. Ektemannen og 50 andre menn blei funne skuldige i systematisk neddoping og valdtekt av Gisèle Pelicot i nærare ti år.\n\nPelicot gav opp anonymiteten sin og bestemte at rettssaka skulle gå for opne dører. I rettssalen erklærte h",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Det Norske Teatret",
                "url": "https://allevents.in/org/det-norske-teatret/2579236",
                "description": "Bli med inn i kulissane og sjå den usensurerte kvardagen i eit hus fullt av drama. "
            }
        ]
    }
]
```