

# Event Details

- **Event Name**: Lansering: Litteratur i Andeby
- **Event Start and End Date**: Thu, 06 Nov, 2025 at 07:00 pm
- **Event Description**: LITTERATUR I ANDEBY

Velkomen til lanseringsfest for Alf Kjetil Walgermos bok om Donald Duck og bøkene, Litteratur i Andeby, torsdag 6. november kl. 19:00 på Litteraturhuset!

«Det Hakkespettboka er for verdens samlede kunnskap, er denne boka for samspillet mellom Donald-historiene og verdenslitteraturen», seier Knut Nærum, som deltek på scena under lanseringsfesten.

Med på arrangementet er òg Christian Kjelstrup og Donald-redaktør Marius Molaug, i tillegg til eit par hemmelege gjestar. Her er det berre å møte opp om ein er glad i Donald Duck!

Alf Kjetil Walgermo presenterer verket han har arbeidd med i fleire år om påverknaden frå bøkene på Andeby-universet. Litteratur i Andeby er ei morosam og andalytisk kjærleikserklæring til den hissige fyren i matrosdrakt, og ei litteraturhistorie sett med andeblikk. «Dette er boka eg har drøymt om å skrive sidan eg lærte å lese», seier forfattaren, som likt mange av oss blei eit lesande menneske gjennom historiene frå Andeby.

I boka, og på lanseringsfesten, får du møte tema som poesien i Andeby («Lyrikkens andeliv»), bibliotekvesenet i byen, Hakkespettboka – papirboka som framleis har svaret på alt – og den sterke kompetansehevingseffekten av Andebys sakprosa. Du får òg forfriskande nye møter med klassikarar frå verdslitteraturen, eit gjensyn med språkdebatten rundt firkantegghistoria «Eggemysteriet» og innslag av dialektar, nynorsk og språkutvikling i teikneserierutene.

Arrangementet startar nokså presist kl. 19.00 og varer til rundt 20.00, seinast 20.30. Etterpå blir det mogleg å henge igjen utover kvelden for den som har tid og lyst, nerde fritt og ope om Andeby og feire bokutgivinga i lag med gode vener og ender. Det blir servering av ulike typar Bubleslurp!

Og sjølvsagt: Gratis inngang!
- **Event URL**: https://allevents.in/oslo/lansering-litteratur-i-andeby/200029085782215
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 115

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Oslo
- **state**: OS
- **country**: Norway
- **location**: Litteraturhuset
- **lat**: 59.920366111551
- **long**: 10.728514194489
- **full address**: Litteraturhuset, Wergelandsveien 29,Oslo, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Lansering: Litteratur i Andeby
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events3/banners/1322c4b5828a8e994f85ecc8c1ca73b0bc51fb166a376ae377296054c078e709-rimg-w1200-h891-dcafcfeb-gmir?v=1762109863

## FAQs

- **Q**: When and where is Lansering: Litteratur i Andeby being held?
  - **A:** Lansering: Litteratur i Andeby takes place on Thu, 06 Nov, 2025 at 07:00 pm to Thu, 06 Nov, 2025 at 07:00 pm at Litteraturhuset, Wergelandsveien 29,Oslo, Norway.
- **Q**: Who is organizing Lansering: Litteratur i Andeby?
  - **A:** Lansering: Litteratur i Andeby is organized by Det Norske Samlaget.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Lansering: Litteratur i Andeby",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events3/banners/1322c4b5828a8e994f85ecc8c1ca73b0bc51fb166a376ae377296054c078e709-rimg-w1200-h891-dcafcfeb-gmir?v=1762109863",
        "startDate": "2025-11-06",
        "url": "https://allevents.in/oslo/lansering-litteratur-i-andeby/200029085782215",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Litteraturhuset",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Wergelandsveien 29,Oslo, Norway",
                "addressLocality": "Oslo",
                "addressRegion": "OS",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "59.920366111551",
                "longitude": "10.728514194489"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "LITTERATUR I ANDEBY\n\nVelkomen til lanseringsfest for Alf Kjetil Walgermos bok om Donald Duck og bøkene, Litteratur i Andeby, torsdag 6. november kl. 19:00 på Litteraturhuset!\n\n«Det Hakkespettboka er for verdens samlede kunnskap, er denne boka for samspillet mellom Donald-historiene og verdenslittera",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Det Norske Samlaget",
                "url": "https://allevents.in/org/det-norske-samlaget/26089046"
            }
        ]
    }
]
```