Tore Brunborg treng knappast noen introduksjon. Stjernesaksofonisten debuterte på Vossa Jazz 1980, og sidan den gong har han sett sitt preg på den norske jazzscena gjennom eit utal fantastiske utgjevingar, konsertar, samarbeidsprosjekt og som bandmedlem.
Dette nye bandet med Bardur R. Poulsen og Veslemøy Narvesen vil utforska trioformatet basert på nyskriven musikk av Brunborg. Erfaring frå komponering til forskjellige format gjer at ein vil
søkja å finna ein optimal musikalsk struktur.
Ein får høyra ein særprega miks av finurlege rytmiske og harmoniske element -med sterke strukturar og melodiar som driv musikken vidare. I møte med Narvesens leikne trommespel og
Poulsens luftige og solide bass, går musikken mange vegar. Som representantar for sin generasjon tilfører dei musikken perspektiv, djupn og historisk kontekst. Med andre ord kan ein kalla det ny fusjon!
Etter to turnear hausten 2024 var me i Studio Paradiso og tok opp mykje musikk. Planen er utgjeving av album i 2025. Poulsen og Narvestad har gjort seg bemerka som soloartistar og i band som Espen Berg Trio,Kongle Trio, Mall Girl, Wako m.m
Tore Brunborg har turnert og utgjeve album i følgjande prosjekt:
• Tid(1992), med Bugge Wesseltoft, Anders Jormin og Jon Christensen.
• Orbit(1998), med Jarle Vespestad
• Gravity(2003), med Bugge Wesseltoft, Lars Danielssonog Anders Engen
• Lucid Grey(2009), med Ole Morten Vågan og Erik Nylander
• Scent of Soil(2012), med Kirsti Huke, Petter Vågan, Rune Nergaard og Gard Nilssen
• Slow Snow(2015), med Eivind Aarset, Steinar Raknes og Per Oddvar Johansen
• Backcountry(2017), med Steinar Raknes
• Folk Songs(2020), med Steinar Raknes
• Funeral Song(2023), kvartettalbum med Helge Lien Trio
You may also like the following events from Kullebunden Jazz:
Also check out other
Music events in Oslo,
Entertainment events in Oslo.