Bli med Fredrik Høyer inn i ein humoristisk og gjenkjenneleg skulekvardag, som vi alle har eit forhold til. I friminuttet byr vi på kaffi og vaflar til alle!
Å vere lærar er som å vere standup-komikar, psykolog, barneoppdragar og foredragshaldar på same tid. Alt skal lærast, ikkje minst kjærleiken ein får til elevane. Viss læring er å møte seg sjølv, og forståing er å stå foran eit anna menneske, kva betyr då eigentleg ansvar for eiga læring?
Den nytilsette vikarlæraren Kristian står foran ein femteklasse, eit tverrsnitt av samfunnet, fylt med behov, forventingar og draumar. Men i hemmelegheit går han rundt med ei konstant indre oppløysing. I møte med tiåringane blir han tvungen til å konfrontere sitt eige indre barn, lærarrolla og systemet rundt han.
Slam-poet og skodespelar Fredrik Høyer er ein av samtidsteaterets mest originale stemmer. Han framfører sjølv rolla som vikarlæraren Kristian med nærheit og sylskarp humor, i ein djuptloddande tekst om korleis vi forstår oss sjølv gjennom andre sine blikk og rollene vi spelar i kvarandre sine liv. På ein overraskande måte vert det grå og kvardagslege gjort til ei mytisk reise som vedkjem både deg og meg.
Varigheit: To dobbelttimar (inkludert friminutt). I pausen inviterer vi til friminutt – ein sjanse til å fylle kaffikoppen og få seg ein nysteikt vaffel før det ringer inn.
Dramatikar, komponist og skodespelar Fredrik Høyer. Regissør Katinka Rydin Berge. Scenograf og lysdesignar Øyvind Wangensteen. Kostymedesignar Julia Wilde. Foto Eirik Havnes. Brodering og grafisk design Sandra Olsen. Produsent Riksteatret Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Vega Scene og Riksteatret.
You may also like the following events from Granvin kulturhus:
Also check out other
Arts events in Notodden,
Literary Art events in Notodden.