Laurdag 28.mars ønskjer Høllènn I.L. velkommen til 7.utgåva av Hollane skifestival. Alle, både hopparar og ivrige tilskodarar, er velkomne. Rennet startar kl. 12.00 med underhaldning mellom omgangane og etter rennet.
Hollane seter ligg om lag 8 kilometer frå parkeringa på Jønnbu. Om ein ikkje traskar inn på ski, kan ein ta wiesel frå Jønnbu. Wieseltidene blir lagt ut i forkant av arrangementet. Ein er også hjarteleg velkommen om ein ønskjer å ta turen frå Slåka, Grimås eller Gavlesjå. Vel framme på setra kan ein få kjøpt seg noko godt å ete og drikke i kafeen.
«Høllennkollen» passar både djerve og meir forsiktige hopparar. Konkurransen blir avgjort over to omgangar. Påmelding i rennsekretariatet i bakken frå kl. 10.30 til rennstart kl. 12.00. Ein kan også førehandspåmelde seg ved å sende oss ei melding på Facebook. Hopping skjer på eige ansvar. Reglar om konkurransen og tryggleik i bakken blir lagt ut før rennet.
Rekorden i Høllennkollen på 21,5 meter blei sett i 2018 av Ola Kili og Torbjørn Sanden. Rennet i 2025 blei dessverre avlyst grunna lite snø i fjellet. Me håpar snøgudane lagar godt påskeskiføre i år!
Sjåast på Hollane skifestival 2026!
VINNARAR AV HOLLANE SKIFESTIVAL:
2017: Audun Gåra, Sandvoll I.L.
2018: Ola Kili, I.L. Horrongen.
2019: Tor Henning Forberg, Fisbu I.L.
2020: Avlyst pga pandemi.
2021: Avlyst pga pandemi.
2022: Sondre Bø, Øvre Borgvin I.L.
2023: Sondre Bø, Øvre Borgvin I.L.
2024: Svenke Folkestad, Høllènn I.L.
2025: Avlyst pga snømangel.