

# Event Details

- **Event Name**: Fred og forsoning
- **Event Start and End Date**: Wed, 04 Nov, 2026 at 01:00 pm (+01:00)
- **Event Description**: To av NRK sine tidlegare USA-korrespondentar, Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen vil ta for seg det amerikanske folkestyret gjennom 250 år, og belysa sterke og svake sider ved det politiske systemet i landet me alle må forholda oss til, enten me vil det eller ei!

I år er det 250 år sidan USA vart ein sjølvstendig nasjon. Befolkninga i dei 13 engelske koloniane på Nord-Amerika sin aust-kyst gjorde opprør. Dei likte ikkje å bli styrt frå London og var misfornøgde med at dei hadde liten innverknad over eigen situasjon. Derfor organiserte dei seg,  greip til våpen og kjempa for sjølvstende. Dei ville bu i eit land der folket bestemte, uavhengig av adelskap og landeigarar, utan eineveldige kongar som i tillegg bestemte korleis dei skulle forholda seg til Vår Herre.    

Dei gjekk sigrande ut av kampen mot kolonimakta i det som seinare er blitt kalla Den amerikanske revolusjonen. Og dei følgde draumen sin! Kolonistane vedtok ei grunnlov og bygde ein nasjon basert på fridom og likeverd. For 250 år sidan hadde ingen gjort noko liknande, og USA vart ein slags modell for andre land som ynska å fri seg frå undertrykking og framandstyre. 

Men ingenting varar evig. I dag meiner mange at USA ikkje lenger er eit fullverdig demokrati, men har bevega seg i ei meir autoritær retning under president Donald Trump. USA sin 47. president og hans tilhengarar hevdar derimot at det er dei som ivaretek den revolusjonære fridomsånda frå 1776. Kanskje har begge partar nokre poeng, for alle kan tolka omgrepa “demokrati” og “fridom” på sin måte. Og amerikanske indianarar,  svarte slave-etterkomarar og muslimar som vert nekta innreise til USA opplever kanskje demokratiet på ein annan måte enn kristne, kvite amerikanarar.
- **Event URL**: https://allevents.in/n/fred-og-forsoning/200030396896853
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 23

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: N
- **state**: RO
- **country**: Norway
- **location**: Dalvegen 21, 4365 Nærbø, Norway
- **lat**: 58.66403
- **long**: 5.63416
- **full address**: Dalvegen 21, 4365 Nærbø, Norway, Dalvegen 21, 4365 Nærbø, Norge, N, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Fred og forsoning
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events5/banners/b1274d4c80c80d70ac1f97a294ebf913b3aeb4b1a58b64758ab8bd717d229949-rimg-w1200-h801-dc687888-gmir?v=1787138099

## FAQs

- **Q**: When and where is Fred og forsoning being held?
  - **A:** Fred og forsoning takes place on Wed, 04 Nov, 2026 at 01:00 pm to Wed, 04 Nov, 2026 at 01:00 pm at Dalvegen 21, 4365 Nærbø, Norway, Dalvegen 21, 4365 Nærbø, Norge, N, Norway.
- **Q**: Who is organizing Fred og forsoning?
  - **A:** Fred og forsoning is organized by Hå bibliotek.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Fred og forsoning",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events5/banners/b1274d4c80c80d70ac1f97a294ebf913b3aeb4b1a58b64758ab8bd717d229949-rimg-w1200-h801-dc687888-gmir?v=1787138099",
        "startDate": "2026-11-04T13:00:00+01:00",
        "url": "https://allevents.in/n/fred-og-forsoning/200030396896853",
        "eventStatus": "https://schema.org/EventScheduled",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Dalvegen 21, 4365 Nærbø, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Dalvegen 21, 4365 Nærbø, Norge",
                "addressLocality": "N",
                "addressRegion": "RO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "58.66403",
                "longitude": "5.63416"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "To av NRK sine tidlegare USA-korrespondentar, Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen vil ta for seg det amerikanske folkestyret gjennom 250 år, og belysa sterke og svake sider ved det politiske systemet i landet me alle må forholda oss til, enten me vil det eller ei!\n\nI år er det 250 år sidan USA vart ein",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "H bibliotek",
                "url": "https://allevents.in/org/hå-bibliotek/24501197",
                "description": "Hå bibliotek, Nærbø. 1,764 likes · 18 talking about this · 134 were here. På Biblioteket i Hå kan du låne bøker,tidsskrift, språkkurs, trådlaust..."
            }
        ]
    }
]
```