Velkommen til ein gild dag for strikkeglade. Arrangementet Tråd på pinnen har blitt arrangert fleire gonger på Vitengarden. Dette er ein dag der ein skal bli inspirert, ha tid til strikking og drøs, læra noko nytt samt nyta god mat og drikke. Arrangementet har vore fullbooka tidlegare så her er det lurt å sikra seg billett. Kanskje dette er ein fin julegåve til nokon du vil dela dagen med?
Program for dagen:
Kl. 10:00 Velkommen. Presentasjon av dagens program.
Kl. 10:05 Presentasjon av popup-butikkane
Haver Alpakka, sel 100% alpakkagarn frå eigne dyr.
Garnkilden, garnbutikk i Hillevåg
Kl. 10.30 Foredrag Ryspinn, eit lite spinneri på Hjelmeland i Ryfylke
Kl. 11:00 Pause, god tid til drøs, strikking, shopping m.m
Kl. 12:00 Foredrag “Ull på prærien” Lena Eikeland Kutschera, Utvandrermuseet, Radøy.
Kl. 12:30 Lunsj. Kjempegod suppe med heimelaga brød til.
God tid til drøs, strikking og shopping m.m.
Kl. 13:30 Foredrag Sistaknit
Kl. 14:15 Kaffi med noko søtt attåt og loddtrekning
Kl. 15:00 Vel heim
Pris: Foredrag + lunsj kr. 495,-. Billett må kjøpast i forkant.
Merk at om du har allergiar ber me deg om å sende ein e-post om dette til
dml0ZW5nYXJkZW4gfCBqYWVybXVzZWV0ICEgbm8= seinast ei veke før arrangementet.
Butikkar:
Alle foredragshaldarar vil ha med garn og produkt for sal. Denne gong er det Haver Alpakka, RySpinn og Garnkilden som er med på strikkedagen.