Årets siste arrangement med Vestnes sogelag finn stad torsdag 20. november kl. 19, når årsskriftet for 2025 blir lansert!
Boka er nummer 30 i serien, og som i fjor tel ho heile 304 sider, fordelt på 16 artiklar. Bokjubileet blir markert med ein artikkel av Per Bjørn Ellingseter som oppsummerer den 40-årige historia til sogelaget i grove trekk. Ein kan også lese om andre jubileum: Tresfjord bygdekvinnelag feira nylig 90 år, og i august var det 150 år sidan «Herman Lehmkuhl» vart sjøsett.
Av enkeltpersonar som er omtalte i årets bok er mellom anna den spesielle tomrefjordingen «Halt-Ola», den framskotne tresfjordingen Knut Hansson Sylte og soknepresten Kristen Rekdal – i tillegg til mange fleire.
200-årsjubileet for den første utvandringa til Amerika blir rørt ved i opptil fleire artiklar om lokale personar som reiste ut, som Gudrun Hjelvik frå Hjelvika, og som i enkelte tilfelle også kom heim att, som Lars Sivertsen Lid frå Tomrefjord. Vi får også høyre om eit hittil lite omtala besøk Mali Furunes gjorde til USA midt på 1900-talet.
Resten av innhaldet i årets bok vil du få høyre om under lanseringa. Her vil også forfattarane av nokre av artiklane gå litt nærare inn på tekstane dei har skrive.
Gratis inngang. Pause med kaffi og Tresfjord-lefse frå bygdekvinnene!
PS: I etterkant av arrangementet treng vi folk til å vere med å køyre ut bøker på dei ulike rodene rundt om i distriktet. Gje oss ein lyd om du ønskjer å bidra med dette. Vi legg ut eit eige innlegg om dette på sogelaget sine Facebook-sider.