Foredrag om utvandring frå Hallingdal m/ Olav Sataslåtten
Advertisement
Olav Sataslåtten er historikar, påtroppande redaktør for Dølaminne og har dei siste ti åra via mykje tid til lokalhistoria i Hallingdal.
I dette foredraget på Ål bygdamuseum vil han ta oss gjennom utvandringshistoria frå Hallingdal. Han vil forklara årsakene til at folk drog, korleis levevilkåra var her heime og kva som freista folk til å gje opp alt for å prøva å skapa ei framtid i det forgjette landet.
Olav vil ikkje berre trekkja dei store linjene, men òg henta fram historier knytte til enkeltpersonar og kva dei gjekk gjennom, og ikkje minst kva dei faktisk fekk til der borte. I tillegg vil han visa ei rekkje historiske bilete frå Hallingdal som viser korleis det faktisk såg ut her då folk drog. I tillegg kjem han til å visa bilete av nettopp dei som drog, og korleis dei vart sjåande ut i si nye tilvære som amerikanarar.
Me sjåast!
Til info: museet er ope frå 11-15, det vil også bli sal av kaffi/saft og kake.