Event

Martine Grande: STOR lesestund for dei minste

Advertisement

Kva betyr det eigentleg å vere stor?

I dette fargerike og fantasifulle forfattarbesøket møter barna Martine Grande, forfattaren og illustratøren bak bildeboka "STOR". Her blir det lesestund og samtale med barna: Kva drøymer dei om å gjere når dei blir store? Er det brus, pannekaker – eller noko heilt anna?

"STOR" er ei undrande og leikande forteljing om å vere stor, liten – og akkurat passe seg sjølv. Boka er full av detaljer og fargar som opnar for eigne tankar og historier.

Martine Grande kjem frå Lierne i Nord-Trøndelag og bur i Trondheim. Ho er forfattar, illustratør og animatør, og står bak fleire barnebøker, kortfilmar og animasjonsteater. Ho debuterte med "Kakerlakken med den stygge frakken" i 2013 og har sidan skapt ei rekkje forteljingar for dei minste.

Passar for barn i barnehagealder.

Arrangementet er ein del av LITT.MIDT - Litteraturfestivalen i Midt-Norge

Foto: Hanne Hasselberg



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Levanger Events in Your Inbox