Jubileumsforedrag om «Herman Lehmkuhl»!
Advertisement
Søndag 3. august er det på dagen 150 år sidan fullriggaren «Herman Lehmkuhl» vart sjøsett i Hellandsbukta – ei storhending i si tid. Jubileet blir denne dagen markert på Vestnes bibliotek. Dette vil skje i form av eit tredelt foredrag, halde av Odd Jarle Talberg, Thor Olaf Helland og Einar Baltzersen.
Vi vil først få høyre meir om kvar Lars Jensen Hammeraas kom ifrå, og kva det var som førte han til Romsdal. Deretter får vi vite meir om den storslåtte sjøsettinga og dramatikken rundt. I tredje del av foredraget får publikum vite meir om lagnaden til det stolte skipet. Det har i liten grad vore kjent kva det var som eigentleg skjedde då «Herman Lehmkuhl» forliste utanfor nordvestkysten av Spania i november 1896, og også her vil det kome fram opplysningar som nok vil vere nye for dei fleste.
Vi håper mange vil kome og høyre om «Herman Lehmkuhl» i det som er i ferd med å bli litt av eit Hammeraas-år på Vestnes!
Gratis inngang.