Event

Norsk slåttespel på hardingfele og klaver

Advertisement

KNUT BUEN, hardingfele
HÅVARD GIMSE, klaver

Slåttespel har ein lang tradisjon i norsk musikkhistorie. Slått er ei nemning som har grunnlag i slag på strenger, slik det blir praktisert på lyre og harpe, men gjeld i overført tyding også for andre instrument. Den eldste slåtten, nedteikna på noter, skal vera den såkalla «Underjordisk klippekonsert» datert til ei julehelg 1695, og gjort av stadsmusikantar i Bergen. Slåttar er i utgangspunktet folkemusikk, nytta i lyd og lag på tradisjonellt grunnlag, men dana musikkliv tok etterkvart fatt i desse vakre melodiformene og bearbeidde dei inn, med stort hell, i kunstmusikken. Organisten Ludvig Mathias Lindeman har ei rekke
slåttar med i sine «Norske Fjeldmelodier», men mest vidgjete er Edvard Grieg sitt verk «Slåtter» opus 72, som bygde på originaloppskrifter Johan Halvorsen hadde gjort med spelemannen Knut Dahle frå Tinn i Telemark. Dette verket er framført mykje, både nasjonalt og internasjonalt, mest berre som solistisk klavermusikk, men også, stundom, med slåttane framført på hardingfele, i tradisjon etter Knut Dahle.
I samarbeid mellom musikarane Håvard Gimse og Knut Buen vil ein del av dei 17 slåttane i op. 72 bli presentert, solistisk, i konserten den 7. november i Strøm kirke. Men musikarane vil også gi til beste litt slåttar av nyare dato, og spela nokre stykke i samspel. Musikken vil også bli fylgt av informativ sogeforteljing, variert mellom skjemt og alvor.

Billetter kr. 250



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Kongsvinger Events in Your Inbox