Utvandringa frå Sunnfjord, 200-årsjubileum
Advertisement
Helga den 5. - 7. sept. er 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika på programmet i Sunnfjord. Det vert utstillingar, foredrag, konsert og kino på Førdehuset og på Sunnfjord museum. Amerikanske bilar og linedance kan du også få med deg. Laurdag kveld vert det ei flott konsertforestilling med Fjellkoret i storsalen.
Organisasjonen MEMOAR har samla inn forteljingar om slektningar som drog "over there", mange vart buande, nokre døydde - og nokre kom heim.
Sjekk ut desse videoane👍 https://www.migrasjonsminne.no/sunnfjord
Meir informasjon på Sunnfjord bibliotek si nettside. https://sunnfjordbibliotek.no/arrangement/utvandringa-fra-sunnfjord/
Den første organiserte utvandring frå Noreg i 1825, vart ein lang og strabasiøs overfart for dei 53 personane som ville prøve lukka i eit framand land. Seinare reiste mange etter, og ein god del av dei var frå Sunnfjord. Over heile landet - og i USA, vert dette 200- årsjubileet/Crossings 200, markert med mange arrangement.
Arrangementa er eit samarbeid mellom Fjellkoret, Memoar, Gaular sogelag, Jølster sogelag, Førde historielag, Naustdal sogelag, Førde bibliotek, Førdehuset, Kino Førde, Sunnfjord museum.